nyhende
Inviterer til strandrydding
Laurdag 10. september inviterer Våga og omegn grendalag alle interesserte til storstilt ryddeaksjon av strendene på Sveio-sida av Ålfjorden, frå Erve og innover. I spissen står laget sin leiar Arne Valen og styremedlem Lars Einar Hollund.
Hollund er prosjektleiar for ryddeaksjonen, og fortel at dei treng minst ti båtar som kan vera med å frakta ryddemannskap ut til strendene, og oppsamla skrot tilbake. Basen blir på kaien i Våga.
— Me har også fått låna det tidlegare butikklokalet av Helge Elias Tveit. Der blir det servering for dei frivillige etter at jobben er gjort, seier Arne Valen.
Deltakarane vil dessutan få kvart sitt lodd, og i samband med måltidet blir det trekning av gevinstar som laget håpar å få frå næringsdrivande både i Sveio og Haugesund. Lotteriet håpar dei vil vera med å motivera til innsats.
Aksjonen blir arrangert i samarbeid med «Hold Norge rent», og i frivilligveka som er ein del av frivilligåret 2022. Dei lokale arrangørane har fått lovnad om at Bremnes Seashore vil stilla med ein arbeidsbåt med kran for å hjelpa til. Oppdrettsselskapet er etablert med stort klekkeri på motsett side av Ålfjorden.
Valen og Hollund reknar med at ryddemannskapa vil finna ein god del plast, men også mykje anna skrot. Hollund, som er dykkar, vil få med seg fleire kollegaer som også vil undersøkja strandsona under vatn. Dei vil særleg konsentrera seg om området utanfor kaien på Våga.
— Som vanleg utanfor kaiar reknar eg med at me kan finna både bildekk og anna som er blitt dumpa gjennom mange år, seier Hollund.
Valen legg vekt på verdien av å arbeida saman, og understrekar at dugnadsånda på ingen måte er død. Han legg også vekt på at ein aksjon som dette har ei haldningsskapande side ved at målet er å ta vare på miljøet.
Grendalaget vil starta aksjonen ved ti- om føremiddagen og reknar med å avslutta arbeidet i felten ved 14-tida.