nyhende

I terrenget rundt dagsturhytta, Nipaståvo har Sveio O-lag nå gjort klar mange tur-o-postar. Biletet er tatt under Sveio-O-lags kaffipost ved Nipaståvo i 2021.FOTO: THOMAS FØRDE
I terrenget rundt dagsturhytta, Nipaståvo har Sveio O-lag nå gjort klar mange tur-o-postar. Biletet er tatt under Sveio-O-lags kaffipost ved Nipaståvo i 2021.

Inviterer til postjakt langs Bjellandselvo og til Nipaståvo

Førstkomande helg blir det sesongopning for årets turorientering i mange delar av kommunen. Sveio O-lag har gjennom fleire månader førebudd sesongen. Nær 100 postar er nå sett ut i skog og mark, frå nord til sør.

Publisert Sist oppdatert

Den populære turstien langs Bjellandselvo blir i år for første gong ledetråd for tur-o-postar. Stien går gjennom vekslande, slakt terreng, mellom skogholt, brusande elv , høgdedrag og ope landskap. Ved eit fossefall i elva finst m.a. restar etter ei gamal stampe. Vel framme ved Vigdarvatnet har du passert 10 tur-o-postar og kan nyta nista under tak i ein flott gapahuk med utsyn over vatnet.

Dagsturhytta, Nipaståvo, er eit anna populært turmål, som blir omkransa av tur-o-postar denne sesongen. Ein særs innhaldsrik tur startar frå Eikeland kapell. Postar er plasserte ut i terrenget langs den mykje brukte stien som går oppover mot Mjuko og fram til Nipaståvo. Fleire fantastisk fine utsiktspunkt undervegs. Frå Nipaståvo er det laga ein rundtur med postar vidare vestover og tilbake til stien mellom Auklandshamn skule og Nipaståvo.

Vikse – Mørkavatnet

Godt tilrettelagde turområde finst det fleire av i området Vikse-Straumen-Mørkavatnet. Denne sesongen startar rundløypa med tur-o-postar på same staden som i fjor, p-plassen ved Fantahytta. Men rundløypa i år går lenger nordover og rundt Mørkavatnet og kjem tilbake langs ryggen mellom Mørkavatnet og Staumsvollvatnet.

Ny tursti er blitt rydda rundt Kværnavatnet, mellom Mølstrevåg og Ryvarden. Denne stien har Sveio O-lag i år nytta som utgangspunkt for å plassering av tur-o-postar, som utgjer ein spennande rundtur rundt vatnet.

Dessutan er det lagt ut mange postar i området mellom Fjellstad- Krossleite og Furevatnet. Ein fin plass å starta kan vera på ein godt merka sti som startar ved Krossleite.

Start-pakke

For dei yngste og for vaksne som vil prøva turorientering for første gong, har Sveio O-lag lagt opp  fire enklare o-løyper fordelt på like mange tur-område. Lengst i nord på Tittelsnes kan du utforska spennande tunnelar og gangar på Festningen. Ved Auklandshamn ligg postar i det vakre friområdet Slettene. I Førde ligg postane langs turvegar nær skulen og i Sveio nær Paddevegen.

Eige pakke-tilbod til dei yngste og til dei som vil prøva turorientering er nå klart til bruk på fire ulike stader i kommunen.

Alle som kjøper årets tur-o-mapper med kart og info-materlell, får samtidig ein kode som gjer at alle årets kart fritt kan lastast ned til PC og til mobiltelefon. Kvart postbesøk kan dessutan registrerast umiddelbart ved å skanna ei QR-kode til mobiltelefonen.

Powered by Labrador CMS