nyhende
Inviterer til ope møte om næringsareal til sjø
Har du tankar og idear om næringsareal knytt til sjø? Då er formannskapssalen på kommunehuset staden å vera i morgon.
Like før påske vart dei to første havvindprosjekta lyst ut: Sørlige Nordsjø 2, fase 1 og Utsira Nord. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) sa då til Vestavind at det er Utsira-prosjektet som er det mest spanande for Sveio.
Sveio har ei lang kystlinje, og no skal arealdelen til sjø i kommuneplanen rullerast. Her vil kommunen ha innspel frå innbyggarne, og inviterer difor til ope møte i morgon, tysdag, klokka 17.00.
Sjølv om havvind og næringar knytt opp til det vil bli eit sentralt tema, ønsker kommunen også innspel på andre næringar som til dømes småbåtturisme og akvanæring.
Bente Marie Johansen, leiar for Eining for samfunnsutvikling, opplyser at det også kjem folk frå Karmsund hamn på møtet.