nyhende
Inviterer til messe for dei som er 65+
Lurer du på kva framtidsfullmakt er, treng god råd om branntryggleik, eller vil veta meir om tilbod i kommunen? Då er seniormessa i Sveio soknehus 26. september noko for deg.
Det er to krav som gjeld. Du må vera 65 pluss og melda deg på seinast 21. september. Påmelding er nødvendig for å vita kor mange ein skal rigga plass til, og kor mykje kaffi og smørbrød som må lagast.
Nyttige foredrag
Helsestasjonen for seniorar og Frivilligsentralen samarbeider om seniormessa. Så vidt dei veit er det det første gong noko slikt blir arrangert i Sveio. I alle fall med det innhaldet. Etter opninga med ordførar og folkehelsekoordinator, er det to foredrag om framtidsfullmakt og branntryggleik.
– Mange tenker at dei er for friske og raske til å få laga ei framtidsfullmakt. Men det er når ein er klar i hovudet og veit korleis ein vil ha det dette må gjerast. Advokat Ståle René Matre vil mellom anna snakka om ting det kan vera viktig å ta stilling til når det gjeld framtidsfullmakt, seier Solveig Gravelsæter.
Etter advokaten kjem Karl Salvesen frå Haugaland Brann og Redning IKS. Han er branningeniør og vil informera om branntryggleik for eldre og risikogrupper.
Utstillarar og aktivitetar
Etter så mykje informasjon er det på tide å få opp blodsukkeret med mat og drikke før siste post på programmet: utstillarar og aktivitetar på messeområdet. Og tid til å prata med dei andre deltakarane.
– Her vil lag og organisasjonar fortelja kva dei driv med og kva tilbod dei har. Samstundes håper me at deltakarane på messa også ser at det er bruk for dei som frivillige. Kommunen deltek med fleire stand for å fortelja om sine tilbod, mellom anna fysioterapi og bustad, seier Gravelsæter, som håper mange finn vegen til seniormessa.