nyhende

Sokneprest Arild Steinsland og Anastasiia Nuzhna ser fram til å samla ukrainarar og nordmenn i soknehuset. FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Sokneprest Arild Steinsland og Anastasiia Nuzhna ser fram til å samla ukrainarar og nordmenn i soknehuset.

Inviterer til konsert for Ukraina

Torsdag blir ønsket til Anastasiia Nuzhna oppfylt. Då samlast ukrainarar og nordmenn til konsert i Sveio soknehus.

Publisert Sist oppdatert

— Eg har lyst til å halda ein litt større konsert. Og det skal skje i Sveio, for eg har eit stort ønske om å kunna gi noko tilbake til lokalsamfunnet her som har tatt så godt i mot oss, sa ukrainske Anastasiia Nuzhna i eit lengre intervju med Vestavind i desember.

Torsdag blir altså tanken til verkelegheit med konsert i soknehuset.

To sjeler og ein tanke

Sokneprest Arild Steinsland har vore med i planlegginga. Han ville ringa å høyra kva kyrkja kunne hjelpa med. Samtidig ringte Anastasiia for å få hjelp til korleis ho skulle gå fram.

— To sjeler og ein tanke, seier soknepresten.

— Når du treng hjelp til å gjera noko for andre, sender Gud gode personar din veg, seier Anastasiia.

I Sveio bur det no rundt 30 ukrainarar. Ein del av dei er involverte i konserten, og dei har hatt øvingar på soknehuset kvar laurdag.

Både ukrainske og norske bidrag

— Det er både profesjonelle og amatørar med. Både i det musikalske og praktiske som lyd og lys. Det er bra for dei som er med å kunna hjelpa og gjera noko saman, og det skaper venskap å vera i eit team, seier Anastasiia.

Konserten byr på song, dans, talar og videoar. Og publikum vil få servert ukrainske kaker som mor til Anastasiia skal laga. Forutan dei ukrainske artistane, skal Sveio barnekor og Ad Libitum delta.

Publikum skal også få synga, på ukrainsk.

— Songen er omsett frå kyrilliske bokstavar til norsk bokstavar for å gjera songen forståeleg for oss nordmenn. Eg har prøvd, og det gjekk sånn nokolunde. Eg fekk både tommel opp og tommel ned, ler soknepresten.

Du kan gje ei gåve

Det er gratis inngang, men det blir høve til å gi ei gåve til hjelpearbeidet i Ukraina. Pengane vil gå uavkorta til innkjøp av ting det er trong for, som mat, bleier og medisinar.

— Innkjøpa vil bli gjort i Ukraina for å få mest mogeleg for pengane. Me har gode og trygge kontaktar som vil hjelpa oss, fortel Anastasiia.

Powered by Labrador CMS