nyhende

Søndag er Karl Inge Instefjord og Sveio O-lag klar til å ta imot unge og eldre som vil testa dei mange aktivitetane under årets Finn Fram dag. FOTO: THOMAS FØRDE
Søndag er Karl Inge Instefjord og Sveio O-lag klar til å ta imot unge og eldre som vil testa dei mange aktivitetane under årets Finn Fram dag.

Inviterer til friluftsdag

I det idylliske friluftsområdet langs stranda og i Rex Garden i Førde inviterer Sveio O-lag til årets Finn Fram dag søndag 28. august.

Publisert Sist oppdatert

Alle besøkjande vil få tilbod om eit kart over området med innteikna postar kor ein kan prøva seg på ymse aktiviteter og utfordringar, ifølgje ei pressemelding frå arrangørane.

I år blir det tilbod om kajakkpadling luftgeverskyting, pilkast, spikerslag, speed-orientering, bruk av kart og kompass, kviss og ikkje minst kåring av søndagens sterkaste kvinne og mann. Arrangørane lovar premiering i alle konkurransar,

I grillhytta blir det sal av pølser, vafler, kaker, saft og kaffi.

Sveio Orienteringslag er hovedarrangør denne søndagen, men har fått med seg Sveio Turlag, Førde-speidarane, Bua-speidarane og Lid 4H.

Powered by Labrador CMS