nyhende
Inviterer til fisking i Holsvika
Sveio Jakt, Fiske- og Naturvernforeining gjentar gratisarrangement frå førre året. Søndag inviterer dei til fisking i Holsvika, med premiar for både store og små. – Me gler oss, seier Vidar Høyland.
– Det var så kjekt i fjor at me gjer det igjen, seier Høyland, leiar i Sveio Jakt, Fiske- og Naturvernforeining (JFNF).
Han fortel om deira komande arrangement på søndag 23. juni, «Fiskesommer».
– Det er gratis for alle, seier Høyland.
Førre året vart ein suksess, og JFNF ynskjer å invitera til ein ny runde. På nettsida lovar dei mellom anna gratis pølse og brus til borna, og kaffi til dei vaksne. Sjølv om det er gratis kan det vera lurt å ta med eige utstyr.
– Born må ta med seg krabbefiskeutstyr og bøtte, då det vert premiering i krabbefiske og vanleg fiske for born, heiter det.
JFNF stiller også med kano og såkalla «sit oppå»-kajakker som folk kan låna. Dei ber folk ta med seg fiskestang, utstyr og redningsvest sjølve, og minner at fiskinga vert frå land. Og naturlegvis ei oppmoding til å vera føre var:
– Kle deg etter vêret!