nyhende
Inviterer på bygdekino
Førde Ungdomslag held ein ny runde med bygdekino torsdag kveld. Då er det duka for ein syngjande krokodille, og deretter ein superhelt. Noko av overskotet vil dei donere til nærbutikken sin.
Vibeke Helgesen og Linda Sæverhagen står saman ved disken til kiosken i Førde samfunnshus. Dei er to av tre styremedlemmer i Førde Ungdomslag, og fyllar på snop og snacks medan to barn klatrar og morar seg rundt dei.
Ein juice-boks med eit særskild freistande motiv vert løfta fram av ei lita hand, med eit spørsmål til Sæverhagen.
— Mamma kan eg få ein juice?
— Ja, eg kan kjøpa den til deg, svarer Sæverhagen.
Eigaren av den lille handa er dottera Sofie på fire år. Saman med den jamgamle sonen til Helgesen, Johan Førde, spring dei rundt i lokalet og kosar seg.
Storesøskena til Sofie, Lukas (7) og Amalie (10) held til ved scena. Totalt har dei fire barn med seg til klargjering.
— Dei er våre medhjelparar, seier Helgesen.
Fleire kinokveldar i vente
Torsdag kveld vert det to filmar vist her i Førde Samfunnshus.
Lille Ville Krokodille, ein film om ein syngjande krokodille med sceneskrekk, og Black Adam, ein superhelt film tilhøyrande universet til Superman og Batman.
— Når byrja dykkar med bygdekino her?
— I sommar hadde me den fyrste, det var ei prøvevising kan ein sei, seier Helgesen
— Og så er det ei no i oktober, ei i november og ei i romjula som er planlagd, seier Sæverhagen.
Sæverhagen har budd i Førde heile livet og har gode minner frå då ho var yngre og sjølv gjekk på bygdekino her.
— Det er vel 15år sidan dei slutta med bygdekino her, seier ho.
Dei synast det er kjekt å arrangere, og tenkjer det er eit flott tilbod for sveibuar.
— Det er jo nærmare, ein slipp å stressa med parkering i Haugesund og ikkje minst lågare pris, seier Sæverhagen.
Heilt fremst i storsalen, føre lerretet, har dei lagt ut matter og saccosekkar som barna kan ligge på om stolane vert for keisame.
Mattene har dei lånt frå skulen, og saccosekkane fekk dei i gåve frå ein møbelbutikk.
— Dei vert det nok kamp om, seier Sæverhagen.
Gir overskot til nærbutikken
Forutan å ha det kjekt saman er motivet deira å gjere noko kjekt for bygda og kringom. Sjølv skal dei vere billettkontrollør, kioskbetjent og kinovakt.
Vert det overskot av sal frå kiosk og kino ynskjer dei å gje 20 prosent til Joker-butikken i Førde. Som Vestavind tidlegare har skrive om, opplev butikken store økonomiske utfordringer knytt til både høge straumrekningar og generell nedgang i omsetnaden sin. På Facebook-sida for ungdomslaget seier dei at dei treng nærbutikken og vil hjelpe der dei kan.
Ungdomslaget er sjølv takksame for all hjelp og sponsormidlar som ungdomslaget har fått frå privat næringsliv. I tillegg til saccosekkar mottok dei ei pengegåve frå ein bank. Mesteparten av summen har dei i klubblokalet i etasjen under, kor ungdomslaget har gjort i stand mogelegheiter for spel og samling til dei yngre i bygda.
— Me har laga eit «chillhjørne» og skaffa ein Nintendo Switch dei kan spele på, seier Helgesen.
Korleis det går med bygdekino veit dei ikkje, men dei håpar mange kjem
— Barna gleder seg, dei har hengt opp plakatar på skulen og andre skuler i Sveio, seier Sæverhagen.
Merknad:
I ein tidlegare versjon sto det at det var mellom 18 – 20 år sidan bygdekino vart slutta med. Det er endra til 15 år sidan.