Ein av ti har planar om å spare pengar ved å redusere talet på gjester i juleselskapa.Foto: MatPrat.
Inviterer færre julegjester for å spare pengar
Ein av fem nordmenn vil lage rimelegare julemat i år – og somme seier også at dei vil invitere færre gjester for å spare pengar. Men du kjem også langt med god planlegging.
NPK: Prisvekst, høge straumprisar og stigande rente gjer at fleire har dårlegare råd. Ei fersk undersøking gjort av YouGov for MatPrat viser at 1 av 5 no ynskjer å spare pengar på julematen. 6 av 10 svarer at den viktigaste årsak til matsvinn i jula, er at dei sjølv lagar alt for mykje mat. 34 prosent vil dessutan spare inn på julegåvene og 28 på straum og varme. 1 av 10 har planar om å spare pengar ved å redusere talet på gjester i juleselskapa.
– Det er sjølvsagt trist, men forståeleg, at fleire ønskjer å spare ved å ha færre gjester, særleg om ein ser det i samband med at 10 prosent svarar at dei ikkje gler seg til julefeiringa. Det er godt mogleg å få julematen til å strekke lenger, viss ein bruker opp alt og er litt smart, seier Marta Ravnsborg, matfagleg rådgivar i MatPrat, i ei pressemelding.
Ho seier nøkkelen til å utnytte maten best mogleg og spare pengar, er planlegging. Ravnsborg rår oss til å kjøpe råvarer i større pakningar, og alltid tenkje på korleis me skal bruke det som er att. Ho seier det også kan vere lurt å rydde frysaren før jul og bruke opp maten i dagane før. Du treng heller ikkje å kjøpe fulle middagar til kvar dag i jula, om du tek vare på restar. Då er det også viktig å undersøkje korleis du best kan oppbevare ulike rettar og råvarer:
— Hugs at du ikkje treng å handle inn all maten fram til nyttår før julaftan. Butikkane er opne også i romjula. Julematen er heller ikkje så dyr mat, men det er gjerne kosen ved sida av som kostar. Tenk difor smart rundt tilbehøyret og drikka, seier ho.