nyhende
Investeringar gir høgare gebyr
Planlagde investeringar fører til krafig auke på fleire gebyrsatsar i Sveio dei komande åra.
I tilknyting til budsjettet for 2026 og økonomiplanen for åra fram til 2029 har rådmannen lagt fram ei eiga sak med forslag til nye gebyrsatsar.
Dyrare vatn og avlaup
Gebyra for slamtømming blir auka med 9,9 prosent neste år om politikarane sluttar seg til rådmannen sitt forslag. Rådmannen har også foreslått å auka gebyra for vassforbruk med 9 prosent og for avlaup og reinsing med 4,9 prosent.
Tilkoplingsgebyra for vatn og avlaup er uendra i rådmannen sitt forslag. Dei fleste andre gebyra foreslår rådmannen å auka med 3,5 prosent, som tilsvarar forventa kostnadsvekst i 2026.
Auke ut over 3,5 prosent inneber dermed ein realauke, heiter det i budsjettforslaget.
For slamtømming, vatn og avlaup og reinsing skal gebyra tilsvara sjølvkost for kommunen. Når desse gebyra aukar kraftig, har det samanheng med planlagde investeringar. Tilrettelegginga av Forevatnet som reserve drikkevasskjelde er eitt eksempel på dette.
Politisk behandling
Forslaget til gebyrsatsar for 2026 har vore til behandling i alle dei tre hovudutvala. Satsane for kortidsplass og dagplass på sjukeheim er enno ikkje vedtekne av Stortinget. Det same gjeld rettsgebyr som styrer enkelte satsar ubbab egedin, plan byggesak og landbruk. Hovudutvala for både oppvekst og kultur, helse og omsorg og teknisk og næring vil gi rådmannen fullmakt til å innarbeida dei endringane som måtte koma i tekstheftet for gebyrsatsar. Hovudutval for teknisk og næring har foreslått to tilleggspunkt som gjeld presiseringar innan byggesaksgebyr og tilkoplingsgebyr for vatn.
Innstillingane frå hovudutvala går vidare til formannskapet og kommunestyret. Kommunestyret gjer endeleg vedtak på sitt møte 15. desember.