nyhende

I det siste har Førde barnehage opplevd at nokon brukar uteområdet på kveldstid. Blant anna er det knust ruter.
I det siste har Førde barnehage opplevd at nokon brukar uteområdet på kveldstid. Blant anna er det knust ruter.

Interesserte i vitne etter ruteknusing i barnehage

Klokka 07.25 måndag morgon fekk politiet melding frå Førde barnehage om ruteknusing.

Publisert Sist oppdatert

Ei politipatrulje frå Stord tok turen, og har i føremiddag gjennomført åstadundersøking og oppretta sak på forholdet.

Ifølgje vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon er fire vindauge knuste. Ingenting tydar på at nokon hadde vore inne i bygget.

Politiet er interessert i eventuelle vitne som kan ha sett noko. Dette er andre gong på kort tid at det har blitt knust ruter i Førde barnehage.

Powered by Labrador CMS