nyhende
Intensiverer oppsyn – fann ulovleg sette garn i Ålfjorden
Laksefisket er i gong i store delar av landet. Statens naturoppsyn (SNO) intensiverer nå oppsynet for å beskytta sårbar villaks mot ulovleg fiske.
I fjor melde SNO 12 personar i Vestland fylke for brot på laks- og innlandsfiskelova. I tillegg hadde dei 52 saker med inndraging av ulovlege garn der gjerningspersonen var ukjent.
Denne veka kunne Miljødirektoratet melda om at 2 ulovleg sette garn var blitt inndrege i Ålfjorden.
Dette er regelen: Garn med maskevidde større enn 32 millimeter som blir brukt til fangst av saltvannsfisk, skal i perioden frå og med 1. mars til og med 30. september, senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid.
Miljøkriminalitet
Å fiska ulovleg kan ha store konsekvensar for sårbare villaksstammer. Men også for dei som driv tjuvfiske.
– Brot på laks- og innlandsfiskelova vert i dei fleste tilfella straffa med bøter frå 10-15 000 kroner. Frå 1. juli 2020 vart strafferamma auka frå 2 år til 5 års fengsel for alvorlege brot. Me kan difor venta at dei mest alvorlege forholda vert straffa med fengsel i åra som kjem, opplyser Anders Voss Thingnes, naturoppsyn/seniorrådgjevar i Statens naturoppsyn Miljødirektoratet.
SNO samarbeider med kystvakta, politiet, fiskeridirektoratet og økokrim, og har årleg fleire fellesaksjonar på kysten for å føra tilsyn med fiskeri og naturreservat i regionen.
Ber om tips frå publikum
Thingnes oppfordrar alle til å tipsa Miljødirektoratet eller politiet dersom dei oppdagar mogleg ulovleg fiske.
– Me får ein del tips frå publikum og merkar oss at fleire og fleire reagerer på ulovleg fiske på sårbare laks- og sjøaurebestandar. Miljødirektoratet har ei eiga tipsside for miljøkriminalitet som mange nyttar. Vi driv elles eit risikobasert oppsyn kor me har spesielt fokus på områder med ekstra sårbare bestandar og/eller områder med historikk på ulovleg fiske.
Sesong frå vår til seinsommar
Dei første laksane kjem inn til kysten tidleg på våren og dei siste på seinsommaren, ulovleg garnfiske førekjem i den same perioden. Sjøauren held seg i fjordsystema og elvane gjennom vinteren, og ulovleg fiske førekjem heile året.
– Mange elvar i fylket er stengde for fiske etter laks og sjøaure på grunn av svake bestandar. Dette vil me følgja opp med kontrollar i elvane, seier Thingnes.