nyhende

Intensiverer kampen om veljarane

Etter initiativ frå ordførar Linn Therese Erve (Ap) hadde dei politiske partia som stiller liste i Sveio, felles valkampopning med stands framfor kommunehuset laurdag. Sveibuane har heile elleve lister å velja mellom denne gongen, mot åtte for fire år sidan.

Publisert Sist oppdatert

Kvar laurdag fram til valet 11. september vil politikarane vera å finna på same staden. Blant dei store spørsmåla denne gongen er kven som vil ta stemmer frå kven, og kva samarbeidsblokker ein kan sjå føre seg etter valet.

– For oss er det mest naturleg å samarbeida med dei som står oss nærast politisk, seier Rune Teikari, som me møter på Frp sin stand saman med partiet sin ordførarkandidat Ruth G. Ø. Eriksen.

Teikari signaliserer med dette at førstevalet vil vera samarbeid på borgarleg side. For fire år sidan valde partiet både valteknisk og politisk samarbeid med Arbeidarpartiet. For Frp-representantane er det elles viktig å utvikla Sveio til å bli ein ja-kommune i praksis, både overfor privatpersonar og verksemder.

– Me må ta vare på eldsjelene, både blant gründerar og frivillig arbeid, seier dei.

Vil ta frå Høgre og Ap

Ein av nykomarane ved dette valet er Tverrpolitisk Fellesliste, med tidlegare Ap-representant Asle G. Halleraker som frontfigur og ordførarkandidat. Han understrekar at det var rikspolitikk, ikkje lokale forhold, som førte til at han melde seg ut av Ap.

– Eg håpar me skal ta mange stemmer frå Høgre. Eg reknar også med at me vil ta ein del stemmer frå Ap, spesielt i sentrum.

Vidareutvikling av sentrum er ei av dei viktigaste sakene for Halleraker. Dette meiner han vil vera til gagn for heile kommunen. Og i utgangspunktet er han klar til å samarbeida med alle.

Liberalistene er ein annan nykomar ved dette valet, representert under valkampopninga ved 18-åring og førstegongsveljar Jon Bernhard Tollaksen Mølstre. Liberalistene, som vil at kommunen berre skal konsentrera seg om lovpålagde oppgåver og mellom anna vil droppa utbygging av badeanlegget i Sveio, ser for seg at dei først og fremst vil appellera til borgarlege veljarar.

Den tredje nykommaren, Industri- og Næringspartiet, var ikkje å treffa under valkampopninga.

Mange ordførarkandidatar

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) er klar for ein ny fireårsperiode både i kommunestyret og ordførarstolen. Om talet på lister seier ho at det kan vera teikn på stort politisk engasjement blant innbyggjarane. Ho er opptatt av å samarbeida breitt, til beste for både noverande og nye innbyggjarar.

Blant dei partia som har samarbeidd på borgarleg side dei siste fire åra, er det ikkje mindre enn fire ordførarkandidatar. Jarle Jacobsen (KrF) er den mest erfarne. Monika Vandaskog Valen (Sp), som låg an til å bli ordførar i 2019, prøver seg på nytt i år. Og André Mundal Haukås (H) stiller som fersk og motivert utfordrar på blå side. Blir også Frp med i denne blokka, vil noverande varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen vera eit sterkt namn med mykje erfaring.

– Valresultatet vil avgjera, seier Monika Vandaskog Valen (Sp) frå eitt av fleire parti som satsar på næringspolitikk og mellom anna vil tilsetja næringskonsulent eller tilsvarande for å skapa fleire arbeidsplassar.

Venstre ønskjer på si side å vera med på utvikling av ny teknologi og nye arbeidsplassar. Gjennom eit samarbeid med Universitetet i Bergen ønskjer dei å utvikla bølgekraftverk ved Sletta, fortel førstekandidat Ruth Vihovde Strand (V) .

For Strand er det elles viktig å koma tilbake i kommunestyret denne gongen.

Skeptisk til firefelt

For Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er kampen mot firefelts E39 gjennom Sveio ei viktig sak.

– Dei planane som er lagde fram vilje krevja for store inngrep i naturen. Det er betre å rusta opp dei vegane me alt har, seier førstekandidat Kjartan Hustvedt (MDG).

Også SV-representantane Eli Nereaas Vihovde og Olav Olsen er skeptisk til planane om firefelts E39, og meiner ein større del av vegen i alle fall bør gå i tunnel for å spara dyrka mark. Elles er partiet mest opptatt av å stramma inn byggeaktivitet og privatisering av strandsona, og å reinska opp etter utslepp som er i ferd med å øydeleggja livet i fjordane.

Powered by Labrador CMS