nyhende

Intensiverer kampen for å sikra Hordfast

– Prioritering og realisering av Hordfast som den viktigaste delen av E39-korridoren Stavanger/Sandnes til Bergen, er ein avgjerande føresetnad for å knyta saman Vestlandet til ein attraktiv og effektiv bu- og arbeidsregion for meir enn 1 million innbyggjarar.

Publisert Sist oppdatert

Dette skriv Sunnhordlandsrådet og Haugalandrådet i eit felles opprop som er signert av 16 ordførarar og opposisjonspartia i dei aktuelle kommunane. Bakgrunnen er urovekkande signal frå høgt politisk nivå om at Hordfast kanskje ikkje blir med i den reviderte utgåva av Norsk Transportplan (NTP), som er venta rundt påsketider.

Desse signala har ført til mobilisering både i Sunnhordland og Nord-Rogland. Sunnhordlandsrådet og Haugalandrådet har hatt felles møte om denne utfordringa og står saman om oppropet, fortel Sveio-ordførar og leiar i Sunnhordlandsrådet André Mundal Haukås (H).

Signal frå sentralt hald

– Signala om at Hordfast kanskje ikkje blir med i den nye NTP-en kjem frå kjelder tett på regjeringa, fortel Haukås til Vestavind.

Han viser til at fleire ulike parti er representerte i regionråda og dermed har brei kontakt med politikarar på nasjonalt nivå. Alt då ein stor sunnhordlandsdelegasjon var i Oslo like over nyttår, kjende dei til signal frå Samferdselsdepartementet om knappe ressursar.

No blir det arbeidd intenst og gjennom fleire kanalar for å visa at Hordfast ikkje er eit prosjekt som berre har interesse for Sunnhordland og Haugalandet, men heile Vestlandet, understrekar Haukås.

Motvekt mot Oslo-regionen

– Me vil understreka kor viktig det er at me på Vestlandet står saman om å byggja ein saumlaus storregion frå Bergen via Sunnhordland og Haugalandet til Stavanger. Vestlandet er truleg den einaste regionen som kan utviklast til ei reell motvekt mot sentralisering av makt, pengar og ressursar i Oslo-regionen. I dette arbeidet vil Hordfast spela ei heilt avgjerande rolle, heter det i pressemeldinga som Sunnhordlandsrådet og Haugalandrådet har sendt ut.

Med ferjefri E39 kan til dømes kommunane i større grad optimalisera tenestene sine i ei krevjande fram tid med fleire eldre og færre folk til å utføra oppgåvene, heter det vidare i meldinga. Rådet meiner også at ferjefri E39 vil ha mykje å seia for vidareutvikling av privat næringsliv og dermed sikra at Vestlandet framleis kan vera den store verdiskapingsregionen i landet.

Det blir også peika på at Hordfast er viktig for å hausta full effekt av Rogfast, når dette sambandet står klart i 2033.

Powered by Labrador CMS