nyhende
Innovasjonspris for samhandling
Ingrid Øritsland Våge frå Sveio og Ester Marie Stornes Espeset frå Karmøy har fått Helse Vest sin innovasjonspris for 2024.
Dei er begge tilsette i Helse Fonna og har fått prisen for utviklinga av det dei kallar barn og unges helseteneste.
– Barn og unges helseteneste går ut på å få til betre samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta for barn og unge som slit med psykiske vanskar, seier Våge, som er sosiolog og innovasjonsrådgivar i Helse Fonna.
Åtte års arbeid
Espeset, som ho har arbeidd saman med, er prosjektleiar og psykologspesialist i helseforetaket.
Utviklingsarbeidet starta ved BOP Haugesund for åtte år sidan. Også Sveio har vore med i prosjektet, seier Våge, som legg til at også sjefen hennar – Haldis Økland Lier – er sveibu.
Gjennom arbeidet sitt har Våge og Espeset utvikla sju samhandlingsforløp som er gjort tilgjengelege. Elles summerer Våge opp arbeidet deira på denne måten i ei pressemelding Helse Fonna sjølv har sendt ut:
– Me har laga ein modell for samhandling. Ein framgangsmåte for å skapa gode prosessar for åendra tenestetilbodet for barn og unge. Men det er ikkje eit konkret, ferdig produkt. Vegen er målet. Det handlar om prosessen for å få til samhandling i praksis. Samhandlingsforløpa er verktøy for å få til dette. Det er komplisert.
Spreier kunnskap
Helse Fonna-modellen for samhandling barn og unge, som modellen no blir kalla, er tatt i bruk fleire stader. Utanom Helse Vest sitt område gjeld dette i første omgang Møre og Romsdal. Dette gleder ikkje minst dei to prisvinnarane.
Prisen som blei overrekt til Våge og Espeset i Stavanger, består av eit kunstverk og 100.000 kroner til vidare utviklingsarbeid innan Helse Fonna.