nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Innfører nye smitteverntiltak på Haugalandet

Det er innført felles forskrift for kommunane på Haugalandet som gjeld frå midnatt natt til 4. desember til og med 7. januar 2022.

Publisert Sist oppdatert

I ei pressemelding fredag opplyser rådmennene i Sveio, Karmøy, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Etne, Bokn og Utsira at dei innfører nye smitteverntiltak.

Bakgrunnen for dei nye smittetiltaka i kommunane er den samla smittesituasjonen for luftvegssjukdomar på Haugalandet, og presset som nå er på sjukehus, legevakter, helsetenester og skular/barnehagar i regionen.

Ny anbefaling i kommunane:

Karantene for husstandsmedlemmer

Me forsterkar dei nasjonale koronatiltaka nå for å redusera trykket på viktig samfunnsfunksjonar, med å anbefala at husstandsmedlemmer held seg i karantene i 7 dagar etter påvist smitte i heimen.

Nytt påbod i kommunane:

Påbod om munnbind

Det blir påbod om bruk av munnbind på kollektivtransport, drosjar, butikkar og kjøpesentre når du ikkje kan halda nok avstand til andre. Påbodet gjeld ikkje born under 12 år.

– Me er i ein annan situasjon enn tidlegare i haust, og me må alle gjera det me kan for å avgrensa smittespreiinga. Tiltaka er også ei påminning om at me må vera ekstra smittevernbevisste inn mot julehøgtida, skriv kommunane i pressemeldinga.

Dei påpeikar at vaksinering framleis er det viktigaste smitteverntiltaket og verkemiddelet mot alvorleg sjukdom.

Me understrekar igjen at vaksinering ikkje berre er viktig for den enkelte, men også for fellesskapet, er oppfordringa i pressemeldingar.

Kommunane kjem med følgjande påminningar:

  • Vaksiner deg mot covid-19
  • Reduser tal personar ein er saman med i sosiale samanhengar
  • Hald avstand til andre
  • Unngå klemmeing og handhelsing
  • Held deg heime dersom du er sjuk eller har symptom
  • Test deg dersom symptom, også om du er vaksinert
  • Held fram med å vaska hendene ofte

Forskrifta er signert Jostein Førre (Sveio kommune), Sigurd Eikje (Tysvær kommune), Vibeke Vikse Johnsen (Karmøy kommune), Bjørn Tollefsen (Etne kommune), Ingeborg Skjølingstad (Bokn kommune), Yngve Bergesen (Vindafjord kommune), Ole Bernt Thorbjørnsen (Haugesund kommune) og May Britt Jensen (Utsira kommune)

Powered by Labrador CMS