nyhende
Innfører digital skule i Førde og Sveio
Dei eldste elevane i grunnskulen i Førde og Sveio går frå torsdag av over til digital undervisning og heimeskule.
Smittesituasjonen på mellomtrinnet i Førde og Sveio gjer at 5., 6. og 7. trinn ved desse to skulane vil gå over til digital heimeundervisning, med verknad frå torsdag 16. desember og fram til juleferien.
Mange smitta
Skulane i Sveio har drive på gult nivå sidan måndag 13. desember. Framover er det ikkje endra nivå for drift for skulane felles, men Førde og Sveio skule har ei endring i at dei har nokre fleire smitta elevar.
– På grunn av fråver blant elevar og tilsette og vanskar med å skaffa vikarar, samt mange smitta personar, har Sveio kommune bestemt at 5., 6. og 7. trinn ved Førde skule og Sveio skule skal ha digital heimeundervisning dei siste dagane av semesteret. Det er også bestemt at ungdomsskulen har sin siste dag dette semesteret, måndag 20. desember. Den dagen blir digitalt, opplyser kommunalsjef for skule og barnehage, Elisabeth Nygaard.
Krevjande situasjon
Kommunalsjefen slår fast at elevar, familiane deira og tilsette står i ein krevjande situasjon no med stadige endringar i både lokale og nasjonale tiltak mot den pågåande pandemien. Det blir frå time til time gjort smittevernfaglege vurderingar lokalt.
Aktuelle tiltak for å bremsa smittespreiing blir vegne mot andre forhold. Born og unge skal i størst mogeleg grad ha ein normal kvardag. Samstundes har me ein driftssituasjon som gjer at me treng tiltak inn mot julehøgtida. Dei tilsette har strekt seg langt over tid, sjukefråveret er nokre plassar høgt, og det er vanskar med å skaffa vikarar til skulane.
Heimeskule med unntak
Færre elevar på skulen vil skapa betre rom for å kunna gjennomføra undervisning fysisk på skulen for dei andre klassetrinna. Det er likevel slik at det blir lagt til rette for undervisning på skulen for enkelte elevar på mellomtrinnet både i Førde og Sveio. Det gjeld blant anna born under 12 år som ikkje kan nyttiggjera seg digital undervisning, elevar med særskilte behov, og elevar med foreldre i samfunnskritiske yrke.
Nygaard bekreftar at Valestrand oppvekstsenter er den einaste skulen i Sveio som ikkje har fått påvist covid smitte.
– For at flest mogeleg av oss skal kunna gå inn i julehøgtida utan smitte og karantene, blir alle oppmoda om å vera ekstra nøye med å sikra seg at elevar og barnehageborn føler seg heilt friske før dei møter i barnehagen og i skulen, seier kommunalsjef Nygaard.