nyhende

Utsnitt av Valestrand oppvekstsenter og Auklandshamn skule.
Utsnitt av Valestrand oppvekstsenter og Auklandshamn skule.

Innbyggjarane har blitt høyrt – skulane er redda

25 digitale hender gjekk i vêret då kommunestyret sa ja til å behalda skulane i Auklandshamn og Valestrand. Dei folkevalde var delte på kor grensa for eit nedre elevtal på småskulane i framtida skulle gå.

Publisert Sist oppdatert

Talarlista blei raskt lang då kommunestyret behandla saka måndag ettermiddag og kveld. Mange roste det utrulege engasjementet frå innbyggjarane i Sveio. Fleire var innom at ein må forsøka å ta vare på dei gode kreftene som har vist seg dei siste vekene.

Semje om eitt punkt

Så til saka. Tidleg i møtet blei det klart at dei sju partia er einige om eit viktig punkt – skulestrukturen skal ikkje endrast i denne omgangen. Vidare var dei to grupperingane ikkje einige om kor mange elevar som må til for å driva skule.

Rune Teikari, Sveio FrP.

Sveio Ap, Sveio FrP og dei to uavhengige la fram at dersom det er færre enn 40 elevar ved dei to aktuelle skulane i to samanhengande år, skal rådmannen starta utarbeiding av sak med tanke på nedlegging av skulen.

Stabilitet

Høgre, Sp, KrF, MDG og SV hadde eit litt mildare forslag, der dei såg føre seg endring i skulestrukturen kan vurderast endra, dersom elevtalet på ein av skulane går under 35 i fire samanhengande år

John Kristian Økland, Sveio Høgre.

John Kristian Økland (H) meinte at deira framlegg vil sørgja for stabilitet.

– Det vil ikkje gi usikkerheit om at skular vil bli lagt ned innan kort tid. Det vil kunne gi ei tilstrekkeleg forutsigbarheit for å ta ut full effekt av dei flotte skulane me har, sa Økland.

– Utruleg fint

Posisjonen, det vil seia Ap og FrP fekk ros for å komma opposisjonen i møte, då Høgre og samarbeidspartia i helga inviterte til samarbeid. Fleire representantar uttrykte glede for at kommunestyret var samde om å ikkje røra skulane.

Asle G. Halleraker (Sveio Ap). Smilet skuldast eit pauseinnslag frå ein Høgre-representant.

– Det viser seg at me kan møtast likevel. Det er utruleg fint, sa Kristina Våge Ballard i Sveio SV. 

Asle G. Halleraker frå Sveio Ap synest det var flott med semje rundt det eine punktet, men gjorde politikarane og tilhøyrarane merksame på at den gjennomsnittlege skulen som blir lagt ned i Noreg har eit snitt på 65 elevar. Vidare snakka han mellom om innhald i skulen og ressursfordeling.

Med det sagt, var han klar på å finna vegen vidare, og gjera eit ærleg forsøk på å driva skulane vidare, etter alt engasjementet i bygdene.

40 er for høgt

– Eg ville ikkje vore bekymra hadde eg budd i Valestrand eller Auklandshamn med den entusiasmen. Om det er 40 eller 35 bør ein ikkje frykta noko som helst, sa Halleraker.

Ole-Ørjan Hov, Sveio MDG.

Dette hadde Ole-Ørjan Hov i Sveio MDG ein kommentar til. 

– 40 er for høgt, om ein ser på prognosane, ligg trussel om nedlegging alt i løypa. Ein bør ligga på 35, for å fjerna mykje av bekymringa, sa Hov.

Andre problemstillingar

Sveio Ap, Sveio FrP og dei to uavhengige hadde i sitt framlegg til vedtak fleire punkt dei ville ha med, mellom anna sjå på om det er mogleg å ha felles administrasjon, inkludert rektor for skulane i Førde, Auklandshamn og Valestrand, med Førde som administrasjonssenter.

Dei vil også belysa konsekvensane ved å gjera det lettare å byta skule, og starta eit arbeid for å sikra betre av og påstigning for skulebussane i Sveio kommune, samt utarbeida ei analyse over miljøet på skulebussen, med mål om å avdekka og eventuelt motverka mobbing på skulebussane.

– Dette viser at me vil jobba vidare, og ta opp problemstillingar i debatten, og få dei belyst, sa Håkon J. Skimmeland frå Sveio Ap.

Debatten varte i om lag halvannan time, før det var pause i 15 minutt, og dermed moglegheit for gruppemøte. Pausen blei både 10 og 20 minutt lengre enn først tenkt, sidan ikkje alle representantane kom seg inn i møtet. Då var ikkje Mikal Møller Hovda (H) verre enn at han stod for eit kulturelt pauseinnslag i form av ein song, som hausta god applaus frå dei som hadde kameraet på.

Avstemminga

Då alt det tekniske var i orden bad Sveio Høgre om punktvis avstemming i posisjonen sitt framlegg til punkt 4, då dei i forhandlingane hadde vore med på utforma nokre av desse punkta. På denne måten kunne dei støtta punkta dei hadde vore med å løfta fram.

Deretter var det avstemming – eit samla kommunestyre stilte seg bak punkt 1 – å ikkje endra skulestrukturen. Vidare var eit fleirtal på 13 representantar for framlegget frå FrP, Ap og dei to uavhengige om å ha ei grense på 40 elevar i to samanhengane år før rådmannen startar utarbeiding av sak med tanke på nedlegging av den aktuelle skulen.

Det blei sagt i møtet at over 200 var tilstades på den digitale møteplattforma, som i starten baud på tekniske problem, slik at møtet blei utsett til 17.30.

Felles for alle representantane i kommunestyret:

  1. Skulebruksplan for Sveio kommune 2021–2027 ferdigstillast utan endring i skulestrukturen (samrøystes vedteke).

Framlegget til FrP, Ap og dei uavhengige representantane:

2. Dersom gjennomsnittleg elevtal (per 1. oktober kvart år) fell under 40 i to samanhengande år, skal rådmannen starte utarbeiding av ei sak med tanke på nedlegging av den aktuelle skulen (vedteke med 13 mot 12 røyster – delt langs posisjon/opposisjon).

3. Rådmannen får i oppdrag å oppdatere utkastet til skulebruksplan i høve til punkt 1 og 2 og komme med ny sak før sommaren 2021 (vedteke med 13 mot 12 røyster – delt langs posisjon/opposisjon).

4. Rådmannen får i oppdrag å:

a) utgreie moglegheita for ein felles administrasjon inkludert rektor for skulene Førde, Auklandshamn og Valestrand, kor Førde skule er administrasjonssenter  (vedteke med 15 mot 10 røyster. Mindretal: Høgre, Sp, MDG og SV.)
b) utarbeide ei sak som belyser konsekvensane ved å gjere det enklare å bytte skule (samrøystes vedteke).
c) starte eit arbeid for å sikre betre av- og påstigning for skulebussane i Sveio kommune, kor ein startar med tilhøva ved Førde skule (vedteke med 17 mot 8 røyster. Mindretal: Høgre og Sp).
d) utarbeide ei analyse over elevmiljøet på skulebussane med sikte på å avdekke og eventuelt motverke mobbing på skulebussane (samrøystes vedteke).

Framlegget til Høgre, Sp, KrF, MDG og SV:

2. Dersom elevtalet fell under 35 i fire samanhengande år skal det vurderast behov for endring i skulestrukturen.

3. Rådmannen får i oppdrag å oppdatere utkastet til skulebruksplan i høve til punkt 1 og vårt punkt 2 og komme med ny sak før sommaren 2021.

Powered by Labrador CMS