nyhende
Ingunn Toft: – Krabbefiske er sommarsyssel nr. 1!
Ingunn Toft er avtroppande kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– Om sommaren set eg pris på lyse kveldar og meir tid til å vera med familie og vener.
Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?
– Krabbefiske er sommarsyssel nr. 1!
Kva er ditt beste sommarminne?
– Eg hadde ein fantastisk jentetur med døtrene mine på middelhavscruise ein sommar for nokre år sidan, og gjentaking er etterspurt!
Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?
– Om sommaren likar eg sjømat i dei fleste variantar.
Kva skal du bruka sommaren på i år?
– I år vert det hyttesommar i Sveio og båtliv i Sunnhordlandsbassenget.
Kva er din draumeferiedestinasjon og kvifor akkurat dit?
– Familien har hatt ein feriestad i Almerimar, på sørkysten av Spania, i over 20 år, og dette er mitt absolutte favorittferiemål!