nyhende
Ingrid (18) får stipend frå fylkeskommunen
Sju idrettstalent i alderen 16 til 21 år har fått utviklingsstipend på 40 000 kroner kvar frå Vestland fylkeskommune. Ei av dei er Ingrid Kindlihagen frå Sveio, aktiv innan klatring.
– Me skulle gjerne vore samla og hatt våre unge, lovande idrettsutøvarar frå heile fylket, og frå både lagidrettar og individuell idrett, for å overrekke stipenda, heider, ære og applaus frå heile fylkestinget. Men slik vart det av naturlege grunnar ikkje i år. Likevel er det ei stor glede å stå for ei digital overrekking av utviklingsstipend, som vi håpar gir ein ekstra motivasjon, og som kan vere det vesle ekstra for ein gryande idrettskarriere, sa fylkesordførar Jon Askeland under den digitale tildelinga på fylkestinget 15. desember. Dette kjem fram i ei pressemelding.
Ein glad stipendmottakar har planane klare for neste år.
– Eg går siste året på vidaregåande no. Neste år har eg tenkt til å ha eit friår som eg skal bruka på å klatra mykje, seier Kindlihagen til Vestavind.
Tidlegare i år konkurrerte ho med 28 klatrarar frå heile Noreg om gullet i klassen eldre junior. I NM-finalen var det ingen som klatra betre enn henne. Ho har klatra sidan ho var bitteliten, og satsar på dette som elev ved Haugaland Toppidrettsgymnas.
– Det kjekkaste med buldring er å utfordra seg sjølv. Ein får ei heilt spesiell kjensle når ein meistrar nye ting og ser at ein blir betre, sa ho til Vestavind tidlegare i mars.
Digital utdeling
Fylkestinget vart avvikla digitalt, og ingen av utøvarane var såleis til stades for å ta imot stipenda. Fylkesordføraren presenterte kvar og ein på skjerm under møtet, med bilde og ei kort oversikt over idrettsbragder så langt.
Dei sju som får stipend er
- Pål Haugen Lillefosse (stavhopp)
- Hanne Stamnesfet Næss (symjing)
- Andrine Mårstøl (alpint)
- Hanna Børve (skiskyting)
- Cornelius Hilde Eikeland (volleyball)
- Markus Mol (strandvolleyball)
- Ingrid Kindlihagen (klatring)
Målet med utviklingsstipendet er å medverke til at utøvarane kan vidareutvikle seg innan idretten sin og motivere dei til å satse vidare. Tildelinga er gjort i samråd med Olympiatoppen Vest.
Det var kome inn 99 søknadar om idrettsstipend då fristen gjekk ut tidlegare i haust. Søkjarane fordelte seg på 36 ulike idrettar og 21 kommunar.