nyhende

Riksmeklaren kalla inn partane i byggeindustrimeklingen til tvungen mekling. Ein halvtime før fristen vart dei samde om årets lønnsoppgjer. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Riksmeklaren kalla inn partane i byggeindustrimeklingen til tvungen mekling. Ein halvtime før fristen vart dei samde om årets lønnsoppgjer.

Ingen streik i byggjeindustrien

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Partane i byggjeindustrien vart seint torsdag kveld samde i meklinga om lønnsoppgjeret. Dermed blir det ikkje streik blant 6.100 tilsette.

Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening (BNL) vart samde ein halvtime før fristen gjekk ut, opplyser Riksmeklaren.

Meklinga starta onsdag. Tilsette i 340 bedrifter kunne blitt tekne ut i streik frå fredag dersom partane ikkje vart samde i den tvungne meklinga.

Byggjeindustrien organiserer stort sett tilsette innanfor produksjon av byggjevarer. Auka lønn og tilrettelegging for ein meir likestilt bransje var blant hovudkrava.

– I dette lønnsoppgjeret er vi veldig fornøgde med å ha vorte samde om eit historisk høgt lønnstillegg og auka minstelønnssatsar, som vi meiner bidreg til ein meir seriøs bransje med konkurransedyktige vilkår, seier Fellesforbundets forhandlingsleiar Hege Espe.

4 kroner meir i timen

Lønnsauken består av 4 kroner i generelt tillegg og ein auke i minstesatsane med 6,85 kroner i timen, opplyser Fellesforbundet. Oppgjeret er innafor ramma av frontfaget.

I tillegg skal det gjennomførast lokale lønnsforhandlingar. Forslaget blir no sendt ut til uravstemming.

Riksmeklaren kalla inn til tvungen mekling etter at Fellesforbundet og BNL braut forhandlingane for overeinskomst i byggjeindustrien søndag.

Krevjande utgangspunkt

Byggjenæringas Landsforening viser til at tariffoppgjeret har hatt eit krevjande bakteppe.

Krigen i Ukraina skaper uvisse, og dei høge straumprisane bidreg til å utfordre konkurranseevna til bedriftene. I tillegg er ein i sluttfasen av pandemien, påpeikar BNLs forhandlingsleiar Siri Bergh.

– Vi er tilfredse med å ha vorte samde og unngått konflikt, med god hjelp av meklar Bjørn Lillebergen, seier ho.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS