nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Ingen positive testar så langt

Publisert Sist oppdatert

Siste nytt i saka rundt den éine positive testen med tilknyting til Sveio skule, er at det ikkje har kome positive testresultat – svar frå den siste testrunden er ikkje kome enda.

Sveio kommune skriv på nettstaden sin, at dei anbefaler å avlysa aktivitetar i og rundt Vigdartun i dag også. Biblioteket vil halda ope, med auka fokus på smittevern. Oppdatert informasjon vil koma i morgon, fredag 30. oktober, opplyser kommunen, som vil minna befolkninga om å følga dei grunnleggande smittevernreglane:

  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald minst éin meters avstand
  • Hald deg heime dersom du blir sjuk
  • Test deg dersom du har symptom på covid-19
Powered by Labrador CMS