nyhende

Om kort tid vil nær alle 2. dosane vera sette:

Illustrasjon av koronaviruset.
Illustrasjon av koronaviruset.

Ingen nye tilfelle – får rekordmange vaksinedosar

Sidan mai har det vore eitt smittetilfelle i Sveio. – Me har vore heldige i lengre tid, seier kommunalsjef Ingunn Toft.

Publisert Sist oppdatert

Det er litt koronasmitte i kommunar rundt oss. Haugesund hadde 31 registerte i sist veke, av dei var åtte personar knytt til innreise. Av dei 31 smitta, er 18 av dei mellom 0 og 20 år, opplyser Haugesund kommune i ei pressemelding tysdag.

Roleg sidan mai

Då Vestavind tysdag ettermiddag var i kontakt med kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft, kunne ho ikkje seia det same om vår kommune.

Ingunn Toft er kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune.

– Me registrerer at det har vore ein del smitta i kommunane både i sør og nord, me har vore heldige i lengre tid. Me hadde ein smitta for tre veker sidan, utanom det har me ikkje hatt nokon sidan starten av mai, seier Toft.

Over tusen dosar

Vaksineringa går som før, og frå torsdag denne veka skal som har fått innkalling møta på Soknehuset.

– Me får rekordmange 1088 vaksinedosar neste veke, me vil då nesten vera i hamn med alle 2. dosar, seier Toft.

Årsaka til mengda, er at det kjem 800 dosar med Moderna-vaksinen i tillegg til Comirnaty (BioNTech og Pfizer)

Powered by Labrador CMS