nyhende
Ingen lovnad om gjenopning med det første
I følgje Statens vegvesen er det usikkert kva tid rasteplass-toaletta langs europavegen ved Hope gjenopnar.
I starten på turistsesongen, då det er venta auka trafikk, fortel dei gjenspikra toalettdørane på Hope, at her er det stengt.
I skogen bak ser ein også at mangel på skikkelege dofasilitetar gjer at enkelte brukar naturen, noko som igjen fører til irritasjon og kanskje også dårleg rykte for kommunen midt i leio.
Utfordrande reinhald
Når Vestavind tek kontakt kan ikkje prosjektleiar drift i Statens vegvesen, Ove Hausvik, sei noko eksakt tid for når toaletta blir opna igjen.
– Toaletta på Hope er eitt av fleire me måtte stengja grunna koronapandemien. Dette er toalett som ikkje er utstyrte med vasstank, og er såleis særs utfordrande å halda reine. Me har ikkje teke konkret stilling til gjenopning ennå, men no når turistsesongen er like om hjørnet er det naturleg å ta denne diskusjon opp igjen. Korleis utfallet blir kjem litt an på smittesituasjonen, seier Hausvik.
– Burde vore oppgradert
Han meiner plassen på Hope er fin med oversiktleg avkøyrsle, ideell for lengre køyretøy. Men vurderer også at det er ikkje så langt til Haukås, der det er toalett på bensinstasjonen.
– Er det greit at private aktørar skal stå for toalett-servicen til turistane?
– På drift er me litt avhengige av infrastrukturen når det gjeld prosjekta våre, men det er ingen tvil om at toaletta på Hope treng ei oppgradering, medgir Hausvik som lovar å melda dette inn til rette instans.
Sør i kommunen, ved fylkesveg 47 ved Vigdarvatnet, er toaletta opne for publikum som vanleg. Rasteplassen er utstyrt med handicaptoalett, benkar, bord og ein liten leikeplass.