nyhende
Fekk nær 8 millionar kroner i tilskot:
Ingen har fått i oppdrag å byggja ut breiband enda
Fleire i Sveio ser fram til å få god nettilgang, men Vestland fylkeskommune sin konkurranse på oppdraget har blitt forseinka. – Ønsket til Sveio kommune er at arbeidet kan komma i gong raskt etter ein inngått avtale, seier Kenneth Tollefsen i Sveio kommune.
I september i fjor kom gladmeldinga om at Sveio kommune får nær 8 millionar kroner til breibandsutbygging i tilskot frå Vestland fylkeskommune. Politikarane gjekk seinare same år inn med ein eigenandel på nær 2 millionar kroner.
For få deltakarar
Konkurranse om jobben skulle lysast ut på nyåret 2021, med forventning om at denne skulle vera ferdig med lokale forhandlingar til sommaren 2021.
Status i saka er at Vestland fylkeskommune lyste ut konkurranse på vegner av fleire kommunar som får støtte før sommaren, men på grunn av for få deltakarar samla sett, blei konkurransen avlyst.
– Ny konkurranse med innleveringsfrist i september er lyst ut, forhandlingar med tilbydarar er planlagt i oktober, opplyser kommunalsjef for utvikling i Sveio kommune, Kenneth Tollefsen.
Ønskjer snar oppstart
Vidare framdrift er vanskeleg å seia noko om når stoda er som den er.
– Framdrift vil vera eitt av punkta som tilbydar vil skildra i tilbod, og som kan forhandlast om, dette vil kunna variera mellom tilbydarane. Ønsket til Sveio kommune er at arbeidet med neste breibandsutbygging kan komma i gong raskt etter ein inngått avtale, seier Tollefsen.
Prioriterte område:
- Åsbø-Kinn
- Apeland/Dynjo
- Nordskog, Grimstvedt, Færås, Rossehaug
- Håvardsholm/Bjørga/Buvika
- Vigdarheim
- Flatnesveien