nyhende

Ingen vil definere seg som einsleg. Det blir assosiert med å vere einsam, sjølv om det ikkje betyr det same.
Ingen vil definere seg som einsleg. Det blir assosiert med å vere einsam, sjølv om det ikkje betyr det same.

Ingen er einsleg lenger – men mange er single

Har du lagt merke til at det er veldig få åleinebuande som seier at dei er einslege? Mykje tyder på at einsleg blir assosiert med det å vere einsam, sjølv om det langt frå betyr det same.

Publisert Sist oppdatert

– Vi har registrert denne endringa, og det er naturleg å tru at einsleg i stor grad blir assosiert med det å vere einsam. Men ordet er framleis mykje i bruk, ikkje minst i offentlege dokument og statistikkar. Men bruken av singel har auka på heile 2000-talet, seier rådgivar Daniel Ims i Språkrådet til Nynorsk pressekontor.

Han trur likevel at likskapen mellom einsleg og einsam, eller enslig og ensom på bokmål, blir av ein del sett på som noko negativt. For ingen likar å vedgå at dei er einsame. Då er det engelske låneordet lettare å fordøye, sjølv om singel på norsk ifølgje ordboka eigentleg betyr «knust småstein, særleg nytta i hagegangar og på gardsplassar».

– Eit stigma

Psykolog Peder Kjøs har interessert seg for einsleg-problematikken, og han har blant anna gitt ut boka «Alene – en bok om ensomhet».

– Ingen vil kalle seg einsleg. Eg trur det er eit stigma rundt det, ei skam. Er du einsleg, så har du ikkje lukkast i livet, du har ikkje greidd å skaffe deg ein partnar. Det blir gjerne assosiert med å vere eldre og å gå rundt i husværet og berre høyre lyden av kjøkkenklokka. Det å vere singel, derimot, blir assosiert med noko heilt anna, seier Peder Kjøs til Nynorsk pressekontor.

Som singel er ein framoverlent, er ute på byen og det er berre snakk om noko som er mellombels, til det dukkar opp ein ny partnar. Men Kjøs trur at dei fleste av dei som kallar seg single, eigentleg er klare for eit anna liv. At singellivet ikkje er så eintydig kult.

Singel blir oppfatta positivt

– Eg trur omgrepet singel har fått ein positiv klang for mange gjennom til dømes filmane om Bridget Jones og den amerikanske TV-serien Sex og singelliv. Livet kan vere litt tragisk, men også kult. Det å vere singel blir oppfatta positivt. Som singel er du på spranget og er open for nye moglegheiter, som einsleg er du einsam, forlaten og har ikkje fått det til, forklarar psykologen.

Han viser til eit eksempel frå filmatiseringa av romanen «Fatso» av Lars Ramslie. Her møter den litt tragiske hovudpersonen, spelt av Nils Jørgen Kaalstad, ei gruppe pene unge kvinner, og han presenterer seg som singel. Ei av kvinnene, spelt av Jenny Skavlan, svarar tvert: «Du er ikkje singel, du er einsleg».

Nedlagt landsforbund

Interesseorganisasjonen «Ensliges Landsforbund» eksisterte frå 1957 til 2020, og formålet var å arbeide for einslege, altså åleinebuande, sin plass i eit samfunn der veldig mykje var lagt til rette for at ein skulle leve i eit parforhold.

Då organisasjonen vart lagt ned i 2020, var det stort sett berre eldre medlemer att. Dei yngre ville ikkje definere seg som einslege, og dermed var det ikkje grunnlag for å halde fram arbeidet. Dei gav pengane sine til forsking på Alzheimers, og så var organisasjonen historie.

I dag er det ingen organisasjon som talar dei einslege si sak lenger, sjølv om nesten halvparten av alle husstandar her i landet består av ein person. Det blir stadig fleire einslege her i landet. Over ein million menneske er registrerte som åleinebuande i Noreg, så det er langt frå slik at fleire enn tidlegare er i parforhold.

Dyrare å leva aleine

Det er ikkje tvil om at det er dyrare å leve åleine enn saman med nokon. Det gjeld ikkje minst buutgiftene, anten ein no har eigen bustad eller er på leigemarknaden.

Vi ser stadig folk som står fram i media og klagar over at det er tøft økonomisk å bu åleine. I levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå svarar ein tredel av dei som bur åleine at dei har ein sårbar økonomi. At dei ikkje kjem til å greie å betale ei uventa rekning på 20.000 kroner utan å måtte låne pengar eller selje ein eignelut.

Samfunnsproblem?

Og framleis står politikarar fram og seier at dei vil gjere noko for å hjelpe på den tøffe situasjonen mange einslege er i. I hovudsak går det slik føre seg: Opposisjonen klagar over kor lite regjeringa gjer for denne gruppa, medan regjeringa forsvarar seg med at dei faktisk har gjort ein god del.

Forbrukarøkonom Linda Tofteng Eliassen i Sparebank 1 sa dette til NRK tidlegare i år:

– Om du er ufrivillig åleine, og du i tillegg kjenner at økonomien ikkje strekkjer til. Då er vi nesten på grensa til å ha eit samfunnsproblem.

Powered by Labrador CMS