nyhende

Årets influensautbrot kjem uvanleg seint. Det gjer at det har gått meir tid sidan vaksinane blei sette og kan vere ei av forklaringane på at årets vaksine ikkje verkar like godt som ynskjeleg. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Årets influensautbrot kjem uvanleg seint. Det gjer at det har gått meir tid sidan vaksinane blei sette og kan vere ei av forklaringane på at årets vaksine ikkje verkar like godt som ynskjeleg.

Influensavaksinen verkar ikkje like godt i år

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Mange blir sjuke av influensa no sjølv om dei har teke vaksine. Det kjem mellom anna av at det er lenge sidan dei fleste har fått vaksine.

I år kom influensasesongen mykje seinare enn vanleg på grunn av koronapandemien og tiltaka som vart innførte, og han viser seg å ikkje verke like godt som ønskjeleg, skriv Aftenposten.

Seniorrådgjevar og farmasøyt Kjersti Rydland ved Folkehelseinstituttet meiner det først og fremst er to årsaker.

– Det er lenge sidan dei fleste har fått vaksine. I tillegg er H3N2-viruset i vaksinen noko ulikt det viruset som gir sjukdom i Noreg no, seier Rydland.

Gjennomsnittleg effekt av influensavaksine er 60 prosent, men han kan variere frå år til år frå 30 til 80 prosent. I år ser vaksineeffekten ut til å vere i det nedre sjiktet.

– Studiar frå andre land tyder på at influensavaksinen har betre effekt hos personar under 45 år enn eldre over 65 år, seier ho.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS