nyhende

Prosjektleiar Ingeborg Sol Fure arbeider som digital skapar på heiltid. Ho er forfattar, fotograf og historieformidlar. Frå onsdag til søndag denne veka, vil ho og andre Instagram-influensarar farta rundt i Sunnhordland for å marknadsføra destinasjonen.
Prosjektleiar Ingeborg Sol Fure arbeider som digital skapar på heiltid. Ho er forfattar, fotograf og historieformidlar. Frå onsdag til søndag denne veka, vil ho og andre Instagram-influensarar farta rundt i Sunnhordland for å marknadsføra destinasjonen.

Influensarar inntar Sveio og Sunnhordland for å marknadsføra destinasjonen

Frå onsdag til søndag denne veka blir det influensartreff i regionen. 26 kreative, digitale skaparar er klare for å suga til seg det beste destinasjonane har å by på, og dela dette vidare i sine kanalar.

Fakta

  • Basert på tal frå 2019 så gav reiselivsnæring i Sunnhordland arbeid til om lag 400
  • I 2019 la tilreisande igjen om lag 1 milliard kroner i Sunnhordland
  • Visit Sunnhordland har ca. 70 medlemsbedrifter
  • Visit Sunnhordland skal ha «takeover» på Fjord Norge sin Instagramkonto frå onsdag-søndag, og når via den 90.000 følgjarar. Reiselivet i Sunnhordland vil bli sett på kartet før høgsesongen tar fatt.
  • Prosjektleiar Ingeborg Sol Fure arbeidar som digital skapar på heiltid. Ho er forfattar, fotograf og historie formidlar.
  • Dei 26 Instagram-influenserane er: solfure, lila_life, vilde.rb, heidikvam, viktorija.ge, eirinovreas, reiseperler, joakimvedvik, friluftsbjerke, vedvikphotography, anniegjoroy, marie.gade.lundlie, turjohanne, kjondalfoto, the_norwegigan wanderer, worldwithasuitcase, riceandpotato, xaarsandx, stiiniiii, hannefoto, julianneoseberg, antonjrr, raysofnorway, emiliesglem, siribjorstad, anettebongsted.

Influensarane er delt inn i seks grupper og vil bli sendt til seks ulike stader i Sunnhordland. Sveio vil få besøk, det vil også Fitjar, Tysnes, Bømlo, Austevoll og Stord, og gjennom desse nå nye kundar, opplyser Visit Sunnhordland i ei pressemelding.

Instagram-influensarane vil disponera kontoen til Fjord Norge, og laga innhald mellom anna frå Sveio.

Dyrking av det særeigne

Det er første gongen Visit Sunnhordland arrangerer dette og har engasjert inn Sol Fure frå Førde med erfaring frå liknande event. Som reiselivspromotør er Sol Fure opptatt av historiefortelling og å få fram det autentiske på plassane ho besøker. Ho meiner reiselivet har mykje å vinna på å ikkje samanlikna seg med andre, men i staden å dyrka det som er særeige for sin stad.

– Eg er overtydd om at det er eit enormt og uforløyst potensiale i å samle influensarar til massiv marknadsføring av destinasjonane. På eit slikt ambassadørarrangement får alle gjera det dei er best på: destinasjonane får vera vertskap og fortelja om sin lidenskap, medan influensarane får omsetja dette til kommersielle tekstar, bilete og videoar og dele det i sine kanalar. Effekten av dette er innhaldsproduksjon av høg kvalitet, nettverksbygging, nye erfaringar, og ikkje minst nytt publikum som vil ønske å oppleve det same som influensarane deler.

Når ut til mange

Visit Sunnhordland anslår ei rekkevidde på omlag 250 000 personar gjennom dette arrangementet, og at det vil kome mange nye gode samarbeid som følge av alt som blir skapt denne helga.

– Me gler oss stort i lag med våre nesten 70 medlemar, til å ta dei 26 influensarane og deira følgjarar, med på eventyrlege opplevingar i vakre Sunnhordland, seier dagleg leiar Tora Haslum Myklebust.

Powered by Labrador CMS