nyhende
Inflasjon er sjukdommen, men er høg rente medisinen?
Noregs Bank har gjennomført ei rekke rentehevingar dei siste åra og vi må tilbake til hausten 2008 for å finne ei like høg styringsrente som no. Sentralbanken vil ha aktiviteten i økonomien skal ned, men mange meiner rentehevingane slår feil ut.
21. september heva Noregs Bank styringsrenta for 13. gong på tre år.
– Hovudmålet for pengepolitikken er å få inflasjonen ned til to prosent årleg. No er inflasjonen klart høgare enn målet, og sentralbanken meiner det er nødvendig å redusere aktivitetsnivået i økonomien for å få ned inflasjonen, seier professor og økonom Steinar Holden til Nynorsk pressekontor (NPK).
Høg økonomisk aktivitet
Trass i alle rentehevingane det siste året er framleis den økonomiske aktiviteten høg i Noreg. Fleire har peika på at vi enno ikkje har sett effekten og at mange har hatt ein buffer frå då renta var rekordlåg under korona-nedstengingane.
– Vurderinga til sentralbanken er at kjøpekrafta er for høg samanlikna med tilbodsforholda i økonomien, og at dette, saman med den låge arbeidsløysa, bidrar til høg lønns- og prisvekst. Derfor hevar dei renta. Høgare rente gir mindre konsum- og investeringsetterspurnad, slik at produksjon og sysselsetjinga blir dempa. Det bidrar til lågare lønns- og prisvekst, altså lågare inflasjon, seier Holden.
– Men er det ikkje sunt med låg arbeidsløyse?
– Jo, det er bra å ha flest mogleg i jobb. Kompetansepolitikk og arbeidsmarknadstiltak som bidrar til auka sysselsetjing er gunstig for økonomien. Det er meir problematisk dersom mangel på arbeidskraft bidrar til høg lønnsvekst, slik at den høge inflasjonen blir meir varig. Men det er ingen fasit på kor låg arbeidsløyse norsk økonomi toler utan at det fører til for høg lønns- og prisvekst.
Uvisse om kronekurs
Den norske krona har òg blitt svekt den siste tida. Å heve styringsrenta skal òg bidra til å styrkje kronekursen.
– Høg rente i Noreg gjer det meir attraktivt å plassere pengar i norske kroner, samanlikna med andre valutaer. Det gir større etterspurnad etter kroner, slik at kronekursen styrkar seg. Det er brei semje om at det er ein slik effekt – både teori og empiri talar for det – men det er betydeleg uvisse om kor sterk effekten er, seier Holden.
Kritiske røyster
Fleire har vore kritiske til dei hyppige rentehevingane frå sentralbanken, og peikar på at det er dei som har minst i utgangspunktet som sit att med belastninga. Raudt-politikar Mímir Kristjánsson skreiv dette på X (tidlegare Twitter) etter siste heving:
«Rentehevingene knuser økonomien til arbeiderklassen. Det er ikke sykepleiere og alenemødre som har skylda for spinnville strømpriser eller internasjonal råvaremangel. Likevel er det de som nå får ansvar for å få prisveksten ned. Usosialt og urettferdig.»
Også aktørar i eigedomsbransjen er uroa.
– Når Noregs Bank det siste året har tredobla styringsrenta meiner vi renta no bør haldast i ro. Styringsrenta verkar med ei betydeleg tidsforseinking i økonomien, og det er også omdiskutert kor stort gjennomslag renta faktisk har på inflasjonen, sa administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge i ei pressemelding etter rentehevinga førre veke.
Også LO har vore kritisk til stadige rentehevingar.
– Det er ubegripeleg at sentralbanksjefen held fram det aggressive rentekappløpet. Dette kjem til å gjere vondt verre for bedrifter og folk, sa LO-sjef Peggy Hessen Følsvik til E24 etter at renta vart sett opp i juni.