nyhende
– Imponerande ferdigheiter
Vilde Vihovde Remøy Bertelsen var forrige veke på nok ein talentleir for lovande fotballspelarar. Ho fekk skryt frå Noregs fotballforbund. — Utruleg gøy, sa Bertelsen.
I Porsgrunn forrige veke var fleire titals unge jenter samla på ein talentleir for framtidas fotballspelarar.
Blant dei var Vilde Vihovde Remøy Bertelsen, ei sveibu som vanlegvis spelar for Avaldsnes.
Det beste nivået
– Det betyr veldig mykje at eg er her fordi eg har hatt lyst til å vera med på talentleir. Eg synest det er kjekt å delta fordi då får eg prøva meg på det beste nivået på mitt alderskull, sa Bertelsen.
Totalt var det 70 spelarar mellom 14 til 15 år frå heile landet. Samlinga er drive som eit samarbeid mellom Noregs Fotballforbund og Equinor.
Mange noverande toppspelarar har tidlegare delteke på leiren som Bertelsen var med på.
– Det var utruleg gøy å vera med som ein del av landslaget, sa ho.
Fekk skryt
Spelarane får mellom anna rettleiing frå fotballforbundet sine landslagstrenarar.
– Eg skal fokusera ekstra mykje på å vera ein god medspelar både på banen og også utanfor banen, sa Bertelsen.
Ho fekk skryt av Håkon Grøttland, fagansvarleg for spelarutvikling i fotballforbundet.
– Vilde har vist dedikasjon og imponerande ferdigheiter og kan nå langt, sa han.
Litt skryt fekk dei tilbake av den unge, lovande sveibuen.
– Det var veldig kjekke trenarar med mykje erfaring og dei var veldig gode til å læra bort nyttige ting på banen, sa Bertelsen.