nyhende

Skisse over korleis Sunnhord Museum kan bli.
Skisse over korleis Sunnhord Museum kan bli.

Ikkje lystne til å rusta opp museumsbygg

Sunnhordland museum som er ansvarsmuseum for m.a. Sveio kommune, ber om støtte opprusting og utviding av lokalane på Stord. Verken rådmannen eller politikarar er lystne til å ta seg råd til dette.

Publisert Sist oppdatert

Sunnhordland museum har søkt dei åtte kommunane i Sunnhordland om eit tilskot på til saman 12,7 millionar kroner til prosjektet «Nye Sunnhordlandstunet». Prosjektet har ei total ramme på om lag 58,5 millionar kroner, og omfattar både nybygg og rehabilitering av eksisterande bygningsmasse ved museet sitt hovudbygg på Leirvik på Stord.

Rådmann Jostein Førre skriv i saka at han har forståing for at bygget treng å rustast opp og utvidast, og rosar arbeidet Sunnhordland museum gjer.

Likevel anbefalar han politikarane til å avvisa søknaden, då den økonomiske stoda til kommunen ikkje kan løyva 890 000 kroner til dette føremålet. Det blir også vist til at formannskapet i Etne kommune heller ikkje finn rom til dette.

Då saka var oppe til behandling i formannskapet måndag 23. november, var det ingen som ønskte ordet. Saka blei vedteke slik som rådmannen har lagt den fram:

Sveio kommune finn ikkje rom for å stetta søknaden frå Sunnhordland museum om 890.000 kroner i tilskot til «Nye Sunnhordlandstunet» no.

Endeleg vedtak kjem i kommunestyremøte måndag 7. desember.

Skisse over korleis Sunnhord Museum kan bli.
Powered by Labrador CMS