nyhende

Ikkje fuglehus, men fuglehotell!

Mange set opp fuglehus slik at små vener med venger kan få ein trygg stad å bygga reir. På Bua har ein karmøybu teke det ein del steg lengre og opna fuglehotell. – Det er 77 rom og basseng på taket, seier Roy Frode Haaland.

Publisert Sist oppdatert

For mange år sidan låg Roy Frode Haaland med nyoperert rygg heime på Karmøy. Då kikka han på fritidsbustader i Sveio.

– Det var ein i Auklandshamn og ein på Bua. Me var og såg på hytte på Bua, og då vart det den. Me trivst godt der, seier Haaland.

Etter han fann ny fritidsbustad til seg og familien, sette dei nokre år seinare opp noko for dei andre lokale også, nemleg fuglane.

Fuglehotell

Som mange andre ynskte Haaland å hjelpa dei fjørkledde litt med hus. Då skada det ikkje at ein i familien heldt på med akkurat slikt, berre i litt større skala enn vanleg.

– Det er bror min som lagar dei. Eg tenkte me kunne ha den der som utstilling, og me likar jo å tøysa med fuglelivet som er rundt der. Så me har ofte sete og sett på dei små som lagar reir inni der om sommaren, seier Haaland.

Broren Henning Haaland har vore snikkar sidan 1987, og driv på sida ei verksemd med namn Ekstreme Fuglehus. Der sørgjer han for at fuglane får den luksusen dei fortener.

– Eg lagar litt på ettermiddag eller kveld, eg sit og pitlar på, seier snikkaren.

Fekk ideen i Canada

– Er du veldig glad i fuglar?

– Nei ikkje noko sånt, men det er jo kjekt å sjå når dei held på og styrer, humrar snikkaren.

– Korleis kom du på ideen?

– Då eg besøkte ein kompis i Canada i 2018. Han bur ved sidan av ein som lagar sånne store fuglehus, og då tenkte eg at det skal eg pinadø prøva meg på, seier han.

Og det fekk snikkaren veldig bra til, noko bror hans Roy Frode kan stadfesta.

– Kjem det nokre fuglar på besøk?

– Ja, det har vore ein del, seier han.

Basseng på taket

Ifølgje hytteeigaren har Bua-fuglane det nokså glamorøst.

– Kva kapasitet har ein på eit fuglehotell

– Kor mange rom? Hmm, det er 77 rom. Og så er det jo faktisk eit, kall det eit basseng, på taket. Der kan det samla seg vatn, og så kan dei fly opp dit og drikka, humrar han.

Fleire av fuglehusa har vorte selt, men då med litt meir beskjeden storleik enn det på Bua.

– Eg selte nyleg eit via Facebook. Det var eit seksroms, seier Henning Haaland.

– Har du laga fleire store?

– Nei, men eg har teikninga på eit. Det er ein stavkyrkje som eg vart inspirert av på veg til Oslo i sommar, seier snikkar Haaland.

– Eit stavkyrkje-fuglehus?

– Ja, svarar han.

Nebb og klør om hotellrom

Roy Frode Haaland synest det er heilt greit at han, enn så lenge, er den einaste med eige hotell for dei med venger.

– Korleis er det å ha noko så eksklusivt som eit fuglehotell?

– Det har jo skapt litt blest i bygda. Eg har snakka med fleire lokale, og etter kvart når me kjem inn på kor hytta ligg så seier dei «å ja, der med fuglehotellet», så dei veit om det, humrar han.

Dessverre er fuglar ganske like som menneskje på nokre vis, og det har gått utover talet på gjestar og kva type som kjem på besøk.

– I byrjinga var det kjøttmeis, og så etter kvart kom spettmeis. Men den er jo ein liten spirrevipp som jagar vekk dei andre. Den vernar om sitt territorium sjølv om den kom sist. Eg trur den har fire reir i øvre etasje, seier Haaland.

Powered by Labrador CMS