nyhende

– Ikkje berre min dag

Runar Larsen er første som vert vigsla til prest i Sveio sokn på snart 30 år. Over hundre var til stades i kyrkja og feira med applaus då biskop Ragnhild Jepsen erklærte han som prest.

Publisert Sist oppdatert

Bjørgvin bispedøme fekk nyleg ny biskop, og søndag var ho for første gong i Sveio.
Ragnhild Jepsen hadde kome hit for å vigsla sveibu Runar Larsen til prest.

– Det er ein stor dag for deg, bygda du kjem i frå og kyrkjelyden du skal tilhøyre, sa Jepsen.

Larsen har vorte tilsett som spesialprest på Stord, der han skal jobba opp mot mellom anna studentar.

Den beste historia

Ho heldt ein tidvis litt morosam tale og gav mykje ros til Larsen. Særleg nemnde ho ei interesse han har, brettspelet Dungeons & Dragons.

– I motsetnad til andre spel kor ein skal vinna poeng og slå motstandar, så handlar dette spelet om å invitera folk inn og fortelja ei god historie. Og me har den beste historia å fortelja, sa Jepsen.

Etterpå kom prestane Gisle Sørhus og Arild Steinsland, prost Svein Arne Theodorsen og fleire opp framføre alteret. Saman la dei hendene på Larsen i bøn, før han offisielt vart vigsla.

Då kom det ein god applaus i gjennom kyrkja frå dei vel over hundre som var til stades. Så var det tid for Larsen sin første preike som vigsla prest.

– Eg kan ikkje legga skjul på at det er ein stor dag for meg, men det er ikkje berre min dag, det er kyrkja sin dag, sa Larsen.

Særeige kors

Han fortalte varmt om vegen som leia han til livet som prest, mellom anna ein viktig tur til ein kristen samlingstad i Frankrike for over ti år sidan.

– Der var me ikkje katolikkar, protestantar eller anna. Der var me saman i Kristus, sa Larsen.

Opphaldet i Frankrike er framleis med han, då det vart del av presteuniformen hans, på den såkalla stolaen. Det er eit raudt band som ligg over skuldrene. Larsen sin har eit kors frå samlingsstaden i Frankrike.

– Det heiter Taizé-kors, seier Larsen etter vigslinga er over.

Kan du designa stolaen sjølv?

– Ja, men det må godkjennast hjå bispedømmet. Dei har ei liste godkjende kors, svarar han.

Veldig stolt mor

Etter gudstenesta er over står det fleire titals utanfor i finvêret. Dei vart alle invitert til kaffi på soknehuset, men fleire stod i kø for å gratulera og ta bilete saman med den nyvigsla presten.

Mor til Larsen, Hildur Larsen, er svært nøgd med korleis det gjekk.

– Eg er veldig stolt, seier ho.

Biskop Ragnhild Jepsen fortel at det er veldig kjekt å koma til Sveio, og at Larsen vert ein veldig god prest.

Til stades var også Helge Matre, nestleiar i Sveio eldreråd. Han seier det var ein veldig kjekk dag.

– Dette er den første vigslinga i Sveio eg har vore på, seier han.

At det var ein religiøs markering og festdag stod ikkje i vegen for lukkeønskingar frå noko sekulært.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) sat på ei av dei fremste radene under vigslinga, med god utsikt til den historiske hendinga.

– Det er flott at me i dag har ein presteordinasjon i Sveio. Ekstra kjekt at det er ein Sveibu. Det var ein flott, høgtidelig og rørande vigsling å få vere vitne til. Sveio kommune er stolt av ordinanten og ønsker deg lukke til med arbeidet. Til lukke med dagen, sa ho på vegner av kommunen etter vigslinga.

Powered by Labrador CMS