nyhende
— Ikkje berre eit hus
Mange reagerer kraftig på brenninga av eit av husa tilhøyrande den gamle handelsstaden på Mølstrevåg. Barnebarn til tidlegare eigar fortvilar: — Lokal kulturhistorie går opp i flammar.
Tysdag ettermiddag vart eit av husa tilhøyrande den gamle handelsstaden i Mølstrevåg brent ned.
Det var ei avtalt brenning i samarbeid mellom brannvesenet og eigar Ølen Betong Gruppen AS.
Hendinga skapte kraftige reaksjonar på sosiale medium. Bilete av det brennande huset sette fyr på kommentarfelta.
— Det er ikkje berre eit hus, det er eit større område som vitnar om då sild var viktig for oss, seier Bror Eivind Eriksen.
Sveibuen har sjølv mange minne frå området, og synes det er vanvittig at det ikkje vert teken vare på.
Ein barndom i Mølstrevåg
Ein som også reagerer er Jan Mathiesen. Han er barnebarnet til ein av dei som lenge dreiv handelsstaden, Hermann Mathiesen (senior).
— Du kjenner at det gjer litt vondt når det skal verte eit industriområde. Det har ei fantastisk og unik historie, alt det handelsstaden har vore for så mange opp i gjennom åra, seier Mathiesen.
Han har fleire minne frå Mølstrevåg som ung, og kjem ofte tilbake for ein tur til Ryvarden.
— Det var ikkje så mange søndagar i vår barndom at me ikkje var i Mølstrevåg, seier Mathiesen.
Opp i flammar
Tysdag gav han ein trist beskjed til eit familiemedlem.
— At det no vart brent ned. Eg sa det til syster mi i går, at eg er glad min far ikkje får oppleva dette, seier Mathiesen.
Faren deira, Herman Mathiesen (junior), vaks opp i det såkalla hovudhuset ved sida av. Det står for tur om nokre veker.
— Eg skjønnar at eg må skunda meg om eg vil ta ein siste tur og sjå hovudhuset, seier Mathiesen.
— Kva tenkjer du om responsen frå folk?
— Mange er forståeleg ille berørt over at noko slikt kan skje, og at det vert ende på historia som har vore. Det er tydeleg at staden har betydd mykje for mange, seier han.
Mathiesen er tydeleg på kva konsekvensane er.
— No skal lokal kulturhistorie gå opp i flammar, seier han.
Vestavind har bedt Ølen Betong Gruppen om ein kommentar, men har ikkje fått svar enno.