nyhende
Ikkje alle veit om dette unike tilbodet
Utan sponsormidlar frå Sparebanken Vest og frå Frifond ville ikkje Førde Ungdomslag (FUL) ha kunna invitert born og unge til gratis arrangement, som til dømes «Girlsnight» for jenter frå 5.-10. klasse i heile kommunen.
– Me har også gratis aktivitetar i alle skuleferiar, fortel Linda Sæverhagen, Anette Nerland og Vibeke Helgesen i FUL
Dei er samde om at årsaka til deira frivillige innsats skuldast at dei til saman har 11 born! I byrjinga gjorde dei dette for born og unge i Førde-bygda. Dei har vore i Kongeparken, og dei har invitert til gratis kino i Førde, der born kan rulla seg rundt på matter dersom dei finn det vanskeleg å vera lenge i ro.
Linda fortel at dei på sikt vil starta på ny med gratis kino.
Gratis aktivitetar
– No gjeld tilboda heile kommunen, og tidvis for born i andre kommunar. Til saman 250 ungar frå Sveio samt Bergen, Stord, Karmøy og Haugesund tok del i påskeeggjakt i Rex Garden i Førde. For å få til dette må me søka om midlar i god tid, fortel Linda.
Frifond er ei støtteordning som gir tilskot til lokallag i landsdekkande, frivillge og demokratiske organisasjonar.
– Me har open klubb ein gong i månaden for born frå 5.-7. klasse, og frå 8. klasse opp til 18 år. Her får dei servert gratis og varm middag. I sommarferiar, haust-, vinter- og påskeferiar kan dei ta del i svært mange aktivitetar! Gjensidige stiftelsen har støtta oss mest når det gjeld gratis ferieaktivitetar, men me har også motteke midlar frå både Sparbanken Vest og Frifond.
Girlsnight og goodiebag
Til Girlsnight fredag var jenter frå 5.-10. klasse inviterte. I invitasjonen vart det opplyst at dei kunne få ordna negler, ta facemask, perla, Singstar (karaokespel), Justdance (dansespel), brettspel og anna.
Menyen for kvelden var pizzabollar, brus og is, og dei ville få kvar sin goodiebag. Noko Vestavind sin uvitande medarbeidar trudde var ein vanleg «godtepåse». No veit ho betre. Også at det seinare på kvelden vart meir interesse for fleire av aktivitetane.
Førebu overgong til ungdomsskulen
Linda, Anette og Vibeke gjer ikkje alt det frivillige arbeidet aleine. Andre i FUL, ektefeller samt andre foreldre stiller opp når det er behov. Born og unge tek også ansvar for å planlegga, samt å hjelpa til under ulike arrangement.
Men kan henda er det Linda, Anette og Vibeke som gjer den største innsatsen når dei til dømes ivrar slik etter å få born og unge frå alle skulane i Sveio til å møtast på ulike arrangement.
– Me ønskjer å trygga dei ved å legga grunnlag for gode venskapsband før dei skal starta på ungdomsskulen, fortel Linda.