nyhende
If: – Ikkje sikkert du treng eiga bunadforsikring
Innbuforsikring og reiseforsikring dekkjer mykje av skaderisikoen for bunadseigarar. Så sant du ikkje er redd for å få pølseketsjup og softis på bunaden.
Dette går fram av ei pressemelding frå forsikringsselskapet If. Her oppmodar dei bunadseigarar om å sjekke korleis bunaden er dekt på andre forsikringar enn ei eiga bunadforsikring.
I norske heimar er det i dag over 2,5 millionar bunadar til ein verdi av over 30 milliardar kroner, ifølgje Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
– Risikoen for rifter og søl, som gjerne blir trekt fram ved bunadforsikring, er det ikkje så mange tilfelle av. Det ser vi i skadestatistikkane våre. Tjuveri, brann og vass-skadar heime er ein mykje større risiko, og der har folk flest alt ei god dekning gjennom innbuforsikringa, seier Benedicte Veum, skadesjef for eigedom i If forsikring.
Ho oppmodar bunadeigarar til å sjekke om det er ei øvre beløpsgrense, noko som kan variere frå selskap til selskap og etter typen innbuforsikring ein har. Eigendelen kan også vere høgare enn ved ei eiga bunadsforsikring.
– Tjuveri på reise og vass-skadar heime er dekte i desse forsikringa. Ver klar over øvre beløpsgrense, til dømes 40.000 kroner. Då må ein dekkje det overskytande beløpet sjølv. I ei eiga bunadforsikring forsikrar du bunaden ut frå verdien i dag. Det same gjeld om bunadsforsikring er lagt inn som del av ei utvida innbuforsikring, legg Veum til.
Ho fortel at If har lagt bunadforsikringa inn i innbuforsikringa gjennom Super innbuforsikring.
(©NPK)