nyhende

Idretten femner om mange greiner. Her er Sveio drill på 40-årsmarkeringa til Sveio Auto i oktober 2019.
Idretten femner om mange greiner. Her er Sveio drill på 40-årsmarkeringa til Sveio Auto i oktober 2019.

Idrettsutøvarar frå Vestland kan søka stipend

Kjenner du nokon mellom 16 og 25 år som kan vera aktuelle til Vestland fylkeskommune sitt utviklingsstipend?

Publisert Sist oppdatert

Kvart år deler fylkeskommunen ut sju utviklingsstipend à 40 000 kroner til unge idrettsutøvarar.

Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.

Målet med stipendet er å gi mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing, skriv Vestland fylkeskommune.

I tildelinga blir det lagt vekt på idrettsprestasjonar, potensial, planar for vidare satsing innan idrett og aldersgrupper mellom 16 og 25 år. Utøvarar som får toppidrettsstipend frå Olympiatoppen fell utanfor målgruppa.

Frist for å søka utviklingsstipend er 1. oktober.

Powered by Labrador CMS