nyhende
I mål med minnesteinen
– Tidligare har me nemnd at Vassbakk & Stol sponsa oss, og no sist monterte Skattkjær Skiferindustri AS plaketten rimelegare enn venta, dermed går økonomien i null. Betre kan det ikkje bli. Herved er Minnesmerket Sveio kommune sin eigedom, og Martin og Arne Aage takkar for seg, seier dei to initiativtakarane.
Fredag kveld festa Einar Skattkjær plaketten på Minnesteinen som er reist ved Valen kapell over dei sju borna som drukna i Storavatnet på Mjånes i 1870. Dermed kunne Arne Aage Valen og Martin Haugsgjerd seia seg ferdig med prosjektet sitt som gjekk ut på å setja opp minnestein.
Mange å takka
– Me vil retta ei stor takk til dei som har støtta tiltaket, ikkje minst kyrkjekontoret for hjelpa med søknadane. Me vil tru at bygda vår no har blitt eit lite kulturminne rikare, på ein gravplass som er velstelt, kommenterer initiativtakarane.