nyhende

Jostein Austvik og hans Trollfest kan ta eit skritt mot finaleplass i MGP i kveld.FOTO: JULIE MARIE NAGELSTAD/NRK
Jostein Austvik og hans Trollfest kan ta eit skritt mot finaleplass i MGP i kveld.

I kveld kan Jostein og Trollfest kome til MGP-finalen

Publisert Sist oppdatert

I kveld kan du røyste Jostein Austvik frå Sveio og hans rosa flamingoar til finalen i den norske MGP-finalen.

Ingen av dei som såg den første delfinalen i Melodi Grand Prix kunne unngå å få med seg bandet Trollfest og framføringa av låta «Dance Lika A Pink Flamingo».

Utkledd som rosa flamingoar, med eigen dans, og med Jostein Austvik frå Førde i Sveio som frontfigur, sette dei farge på sendinga. Men dei fekk diverre ikkje nok poeng til å vidare til finalen den gongen.

Måndag kveld vart det gjensyn med opp framsyninga under den første delen av «Sistesjansen», kor dei 12 låtane som ikkje klarte å kvalifisere seg i sine respektive delfinalar får ein ny sjanse.

Fire av låtene gjekk vidare til kveldens direktesendte sistesjanse, kor alle fire får framføre låta sin live ein siste gong, og kjempe om røyser frå sjåarane.

Vinnaren i kveld får den siste ledige plassen i sjølve finalen som blir sendte neste laurdag. Vinnaren av den blir sendt til den internasjonale finalen i Torino, som startar med første semifinale 10. mai og avsluttast med den store finalen 14. mai.

Powered by Labrador CMS