nyhende
I helga skjer det mykje i Sveio
Har du ingen planar og er på jakt etter noko å finna på? Her får du nokre tips for helga.
Fredag til søndag er det Extra fotballskule på fotballbanane til Sveio idrettslag. Påmeldingsfristen er ute, men det byr heilt sikkert på kjekke opplevingar å vera publikum også.
Laurdag er det sommarlesfest med bobleshow på Sveio folkebibliotek. Her skal alle dei flinke lesarane i Sveio feirast. Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett. Meir om arrangementet finn du på biblioteket si Facebook-side.
Søndag skjer det litt av kvart:
Først ut er kåring av vêrlam i Sveio sentrum i regi av Sveio Sau og Geit.
Arrangementet er ein del av Bondemarknaden som opnar ein time etter at kåringa startar. Her er det ei rekke aktivitetar å få med seg, som dyreutstilling, salsboder, traktorutstilling, gjetarhundoppvisning, natursti og bondekamp. Arrangementet er gratis og arrangørar er Sveio Sau og Geit, Sveio Bondelag, Sveio Bonde- og Småbrukarlag, Lid 4H, Sisu 4H og Spretten 4H.
I samband med Bondemarknaden er det også hausttakkefest i Sveio kyrkje. Under gudstenesta blir det presentasjon av trusopplærar Sissel Fjellsbø og diakonimedarbeidar Oddrun R. Jacobsen.
Freistar det med ein tur i det bra og milde vêret som er meldt, kan du bli med Sveio turlag på kysttur frå Lyngholm til Ryvarden kulturfyr. Turen tek om lag fire timar tur-retur.
Meir info om arrangementa finn du på «Kva skjer i Sveio?» på nettavisa.