nyhende

I dag kjem desse lovendringane

I dag trer ei rekke nye lover og reglar i kraft. Mellom anna blir det dyrare å lease bil, strengare straff for ungdomskriminelle og kutt i kontantstønaden.

Publisert Sist oppdatert

Vi er halvvegs i 2024, og frå i dag trer ei rekke nye lover og reglar i kraft. Her er noko av det som skjer:

Innstrammingar for straumselskapa

Det blir gjort fleire grep for å rydde opp i straummarknaden. Straumselskapa kan miste retten til å selje straum dersom dei ikkje følgjer opp endringane.

– Det skal bli enklare for forbrukarar å orientere seg i marknaden, finne gode avtalar og komme seg ut av mindre gode avtalar, seier energiminister Terje Aasland (Ap).

Mellom anna skal det frå 1. juli bli mogleg å komme seg ut av ein straumavtale kostnadsfritt innan 30 dagar viss leverandøren vil gjere den dårlegare.

Brukthandel blir enklare

Brukthandlarar har fram til no vore nøydde å få løyve av politiet, i tillegg til at dei har vore pålagde ei rekke krav som kostar både tid og pengar.

Frå 1. juli er det berre dei som sel edelt metall, edelsteinar og perler, kulturgjenstandar, kunstverk, samleobjekt, antikvitetar, bilar og tilhengarar, som treng eit slikt løyve.

Brukte klede, møblar og sportsutstyr kan seljast utan løyve.

– Brukthandellova har gjort det tungvint og lite lønnsamt for næringslivet å selje brukte varer. Det er ikkje berekraftig, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Det blir enklare å drive brukthandel med dei aller fleste varer.

Kraftig kutt i rekefisket

Ein ny kvote for rekefiske i Nordsjøen og Skagerrak trer i kraft 1. juli. Den norske andelen er på 2.850 tonn, 25 prosent mindre enn det siste året. Kvoten vart allereie kutta kraftig i fjor. Bakgrunnen er at bestanden er på eit lågt nivå.

– Eg forstår godt at endå ein nedgang i kvoten er vanskeleg for rekenæringa i sør og gir ein utfordrande sesong, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).

Ho håpar at situasjonen betrar seg.

Kyrkjer skal pussast opp

1. juli blir ei ny ordning opna der det kan søkjast om pengar til å pusse opp gamle og verdifulle kyrkjebygg.

Totalt blir det lagt opp til løyvingar på opp mot 10 milliardar kroner i perioden 2024 til 2054, med ei maksimal utbetaling på 500 millionar kroner i året.

Det blir oppretta ei ordning med pengar til oppussing av gamle kyrkjer.

Oppdatert arbeidsmiljølov

No blir det krav om at arbeidstakarar må få skriftleg arbeidsavtale innan éi veke i jobben. I dag er fristen éin månad. I tillegg blir det innført fleire andre fristar og nye krav til kva arbeidsavtalen må innehalde.

Det kjem også nye reglar for prøvetid i ein jobb. No kan prøvetida ikkje overstige halvparten av lengda av eit vikariat.

Høgare bøter for arbeidsmiljøbrot

Arbeidstilsynet får mangedobla bøtene dei kan ta for brot på arbeidsmiljølova.

Frå 1. juli aukar den øvre grensa frå 1,8 millionar kroner til 6,2 millionar kroner. Alternativt skal dei kunne gi gebyr på inntil 4 prosent av omsetninga for verksemda.

Auka minstesatsar

Minstesatsane for arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad aukar frå 1. juli 2024. Satsane blir auka med cirka 5.000–6.000 kroner i året.

Kutt i kontantstønaden

Denne endringa skjer først 1. august. Då blir det ikkje lenger utbetalt kontantstønad for barn på mellom 20 og 23 månader. No gjeld ordninga berre for barn på mellom 13 og 19 månader.

Gebyr for forbrukarklagar

Det blir innført eit gebyr på 248 kroner for å klage ei forbrukarsak inn til Forbrukartilsynet. I tillegg blir det innført eit gebyr på 1.277 kroner for å klage saka vidare inn til Forbrukarklageutvalet.

Billigare rullestoltaxi

Eingongsavgifta blir fjerna for drosjar som er tilpassa til transport av rullestolbrukarar. Dermed blir det billigare å kjøpe slike bilar.

Endra status for dronar

Frå 1. juli blir luftfartslova endra. Endringane slår fast at dronar skal reknast som luftfartøy.

Nytt verktøy til PST

Frå 1. juli blir det straffbart å bidra i skadelege påverknadsoperasjonar for utanlandsk etterretning.

– Vi veit at autoritære statar ønskjer å påverke oss for å tene sine eigne interesser og i aukande grad tek i bruk samansette eller hybride verkemiddel, slik som påverknadsoperasjonar, for å oppnå innverknad og påverke avgjerdstakarar og opinionen i andre statar, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

PST får også eit nytt verktøy. No får dei høve til å bruke hemmeleg ransaking, overvaking, avlytting og sporing av personar for å avdekkje skadeleg påverknadsverksemd.

Nye rettar til elevar på vidaregåande

Denne endringa trer først i kraft 1. august. Då vil elevane få fleire rettar. Mellom anna får dei rett til vidaregåande opplæring heilt fram til dei har fullført, og rett til å byte utdanningsprogram viss dei ombestemmer seg. Det blir også mogleg å ta fleire fagbrev.

Elevane på vidaregåande får fleire rettar.

Meir gratis SFO

Ordninga med tolv timar gratis SFO i veka for elevar på 1. og 2. trinn blir utvida til å også gjelde elevar på 3. trinn. Dette trer i kraft frå 1. august, i tide til oppstarten av eit nytt skuleår.

Billigare barnehage

Dette trer også først i kraft 1. august. Regjeringa kuttar maksprisen i barnehage til 2.000 kroner i månaden. I dei 189 mest grisgrendte kommunane blir prisen 1500 kroner i månaden.

Strammar inn for universitet

Ny universitets- og høgskulelov trer i kraft 1. august. Mellom anna blir reglane stramma for mellombelse tilsetjingar på universitet og høgskular inn.

– Universitet og høgskular har eit sjølvstendig ansvar for å redusere andelen mellombelse stillingar på alle nivå, skriv departementet i eit brev til institusjonane, der dei klargjer forventningane sine til korleis lova skal følgjast opp.

Rasjonering på slankemedisin

Regjeringa innfører rasjonering på diabetesmedisinen Ozempic, som også i stor grad blir brukt i behandling av fedme.

Frå 1. juli 2024 må legane sende søknad til Helfo for at pasienten skal kunne få Ozempic på blå resept. Regjeringa har berekna at staten sparer 730 millionar kroner på grepet.

Det blir innført rasjonering på overvekt- og diabetes-medisinen Ozempic.

Leasing av bilar blir dyrare

Nye momsreglar gjer at det blir dyrare å lease mange typar personbilar frå 1. juli.

Elbilar til under 500.000 kroner blir ikkje påverka av endringa. For fossilbilar kan prisen auke opp mot 10 prosent.

Fleire får støtte til tannlege

Frå 1. juli får alle i aldersgruppa 21–24 år same tannlegetilbod som 19- og 20-åringane, som i dag får dekt mesteparten av rekninga. Fleire rusavhengige får også same tilbod.

Tannlegen blir billigare for personar i aldersgruppa 21–24 år.

Forbod mot vape med smak

1. juli skulle det eigentleg bli lov med sal av e-sigarettar i Noreg. I samband med dette innførte regjeringa eit forbod mot smakstilsetningar i desse.

Dette betyr at ein berre skulle kunne selje e-sigarettar med tobakkssmak. Dette forbodet skulle også gjelde for behaldarar med smakstilsetningar utan nikotin.

No er likevel forbodet mot e-sigarettar vorte forlengt med eitt år, så det er først i juli neste år at dette blir lovleg. Men forbodet mot smakstilsetningar trer i kraft allereie no.

Det blir forbode med smakstilsetningar til e-sigarettar som ikkje smaker tobakk.

Strengare reaksjonar for ungdomskriminelle

Frå 1. juli blir strengare og hurtigare reaksjonar innførte for ungdom som har gjort seg skuldig i kriminalitet. Mellom anna blir det mogleg å kombinere ungdomsstraff med fengsel utan vilkår og bruk av fotlenke. Det blir også opna for at varetekt kan gjennomførast med fotlenke.

– Nokre få ungdommar gjer alvorleg og gjenteken kriminalitet, dette må vi trø til for å stanse, har justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl sagt.

Kloakk frå fritidsbåtar forbode  i Oslofjorden

Tidlegare var det tillate å sleppe ut kloakk frå båt i Oslofjorden så lenge ein var 300 meter frå land. No blir det forbode i heile fjorden. I staden må båtfolk køyre inn til tømmestasjonar for å bli kvitt kloakken sin.

Powered by Labrador CMS