nyhende
I dag er det rentemøte – verken folk, bankane eller næringslivet trur på kutt
Går norsk økonomi for bra til at Noregs Bank kan setja renta ned i dag? Det trur både bankane, næringslivet og folk.
– Det blir eit veldig spennande rentemøte. Me trur at dei held renta i ro, men det er ikkje utenkjeleg at dei også kuttar, seier seniorstrateg Sara Midtgaard i Nordea Markets til NTB.
Lenge såg det ut som at renta skulle ned i september, men tal for norsk økonomi den siste tida har fått fleire økonomar til å tru at det anslåtte rentekuttet blir utsett til desember – eller neste år.
I tillegg til at kjerneinflasjonen no er høgare enn det sentralbanken la til grunn tidlegare, er den generelle økonomiske aktiviteten i Noreg i betring.
Økonomar som framleis trur på rentekutt, peikar på at arbeidsmarknaden i Noreg har svekt seg den siste tida.
Midtgaard seier at banken må avvega mellom risikoen for at arbeidsløysa stig dersom renta blir halden uendra, eller om det er ein større risiko at prisveksten ikkje kjem ned innan rimeleg tid dersom renta blir kutta.
– Me trur sistnemnde vegar tyngst no, som betyr at dei held renta i ro, seier ho.
Byggnæringa kunne trengt rentekutt
Heller ikkje sjeføkonom Øystein Dørum i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) trur sentralbanken kjem til å setja ned styringsrenta i dag.
– Me har tvilt oss fram til at renta ikkje blir endra. Og bakgrunnen for det er dels at prisveksten framleis er altfor høg, dels at veksten i norsk økonomi er relativt høg, og at Noregs Banks eige regionale nettverk peikar mot at veksten vil halda fram framover, seier han til NTB.
Rapporten frå Regionalt nettverk kom førre veke og viste at norske bedrifter er jamt over meir optimistiske til vekstutsiktene.
Likevel skildrar Dørum stemninga blant NHOs medlemsbedrifter som lunken og trur delar av næringslivet kunne trunge eit rentekutt. Det er særleg bedrifter innan bygg- og anleggsbransjen som i dag slit.
– Altså, for mange hushald i etableringsfasen vil jo eit rentekutt vera kjærkomme. Og eit rentekutt vil også vera kjærkomme for ein bygg- og anleggsbransje som framleis er i kneståande, seier han.
Låntakarar håpar på lågare rente
Folk flest trur heller ikkje at sentralbanken kjem til å kutta renta no.
I ei undersøking Respons Analyse har utført for SpareBank 1, svarer berre éin av ti at dei trur styringsrenta blir sett ned i dag.
Fleire trur i staden på eit rentekutt i desember. 4 prosent trur på kutt både i september og i desember, medan til saman er det 45 prosent som trur det blir eitt eller fleire rentekutt i år.
Undersøkinga er gjennomført blant 1032 personar over 18 år i heile Noreg mellom 9. og 16. september. Dei spurde har oppgitt om dei har bustadlån, og om lånet er over eller under 2 millionar kroner. I alt 62 prosent av dei spurde har bustadlån, og blant dei håpar mange på lågare renteutgifter.
– Når me ser på dei som har stort bustadlån, på over 2 millionar, er dei klart meir optimistiske enn andre til både tidleg rentekutt og fleire rentekutt i år, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i SpareBank 1 til NTB.