nyhende

Det blir eit svært spennande kommunestyreval i Sveio med 11 parti som kjempar om stemmene. Vestavind held deg oppdatert på nettavisa utover dagen og kvelden.
Det blir eit svært spennande kommunestyreval i Sveio med 11 parti som kjempar om stemmene. Vestavind held deg oppdatert på nettavisa utover dagen og kvelden.

I dag er det du som avgjer

Valdagen er her, og du kan stemma i alle tre vallokala i Sveio uavhengig av kva krins du høyrer til. Har du vanskar med å koma deg inn i vallokalet, kan du be om å få stemma frå bilen.

Publisert Sist oppdatert

Fredag klokka 20.00 stengde førehandstemminga. Då var det registrert 1.303 stemmer. Det vil seia at 29,78 prosent av 4.376 sveibuar har bestemt seg før valdagen. Det er langt færre enn ved stortingsvalet i 2021 då 63 prosent av sveibuane førehandsstemte.

På landsbasis er det ny rekord for førhandsstemming. 1.278.849 stemmeføre har gjort unna borgarplikta før valdagen. Det er langt fleire enn ved kommunestyre- og fylkestingsvalet for fire år sidan. Då stemte 912.126 på førehand.

Det kan enno koma nokre førehandsstemmer med posten i løpet av dagen, men valet i Sveio blir avgjort i stemmelokala som opnar klokka 10.00 i dag.

Vestavind oppdaterer deg

Den 4. til 7. september deltok 1.135 skular i Redd Barna sitt demokratiprosjekt «Barnas Valg». Der har barn frå 5. til 10. klasse gått til valurnene. Målet er å styrka barna sin kunnskap, deltaking, engasjement og forståing for demokratiet. Legg ein resultatet frå Sveio til grunn, blir det nesten reint fleirtal til Sp. Dei tre andre partia som har fått stemmer er Ap, MDG og H, med like mange stemmer kvar.

Dei første valprognosane kjem klokka 21.00. Dei er i stor grad basert på førehandstemmene, og mykje kan endra seg når valgdagsstemmene er talt opp. Uansett blir det eit svært spennande val i Sveio. Vestavind vil halda lesarane oppdatert på nettavisa utover dagen og kvelden.

Dette MÅ du hugsa

Me har spurt valgeneral Bjarte Stølås Storli kva som er det viktigaste å ha med seg i dag.

– Legitimasjon er det absolutt viktigaste, og det einaste du MÅ ha med deg. Du kan også ha med valkortet ditt. Dersom valmedarbeidarane kan skanna valkortet i staden for å søka opp namnet manuelt, går ting litt raskare, og kø og ventetid blir litt kortare. Dersom du har valkort digitalt, oppfordrar me til at du finn fram dette på mobilen før du går fram til registreringsbordet. Dersom du ikkje har funne det fram før du kjem til registreringsbordet, går det nok raskare om du berre viser legitimasjonen din og lar valmedarbeidaren søka opp namnet ditt.

Slik er rekkefølga i vallokalet

  1. Du blir tatt imot og vist til eit stemmeavlukke.
  2. Du vel dine stemmesetlar (eller stemmesetel, dersom du berre ønsker å stemma i eitt av vala) og gjer endringar om du ønsker.
  3. Du går fram til registreringsbordet og blir søkt opp i manntalet.
  4. Du får stempel på stemmesetelen / stemmesetlane.
  5. Du puttar stemmesetelen / stemmesetlane i urna.

Kom i tide – klokka 20.01 er det for seint

– Kva skjer om ein kjem til stemmelokalet klokka 20.01?

– Klokka 20.00 stenger vallokala. Men dersom du står i kø på dette tidspunktet, får du likevel lov til å stemma. Er det kø, vil ein valmedarbeidar gå og stilla seg i enden av køen klokka 20.00, og visa bort dei som eventuelt kjem til etter kl. 20.00.

Er du seint ute, kan det likevel løysa seg. Om du er ved eit av stemmelokala i kommunen innan klokka 20.00.

– Hugs at uansett kva krins du høyrer til, kan du stemma i kva som helst av dei tre vallokala i kommunen: Sveio soknehus, Førde samfunnshus og Vikse skule. Så ser du at du er seint ute, berre dra til det næraste lokalet. Kjem du for eksempel køyrande frå Haugesund og høyrer til i Førde, dra innom Vikse i staden, seier Stølås Storli.

Heimestemming og hjelp på valdagen

– Har det vore førhandsstemming andre stadar enn på kommunehuset?

– Me hadde stemming på Sveio omsorgssenter måndag 4. september. Då stemte både bebuarar, tilsette og besøkande. Me har også hatt tilbod om heimestemming. Søknadsfristen var onsdag 6. september, og 7. september besøkte me alle dei 12 som hadde søkt. Det er ikkje mogleg etter loven å kontakta oss på sjølve valdagen og be om heimerøysting. Då må ein dra til eit vallokale. Likevel er det slik at dersom ein har problem med å komma seg inn i sjølve lokalet, kan ein be om å få røysta frå bilen, seier Stølås Storli.

Powered by Labrador CMS