nyhende

Ein person blei pågripen i Sveio søndag ettermiddag.
Ein person blei pågripen i Sveio søndag ettermiddag.

I arresten for brot på besøksforbod

Ein person blei søndag pågripen i Sveio for brot på besøksforbod.

Publisert Sist oppdatert

Dette skjedde ved 17-tida, opplyser vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon. Ho vil ikkje seia noko om kor i Sveio dette skjedde, men fortel at politiet rykka ut etter å ha fått melding om hendinga. Vedkomande som braut forbodet, blei sett i arresten og blir avhøyrd måndag, opplyser Fagerland.

Powered by Labrador CMS