nyhende

Politi
Politiet meldte tirsdag formiddag at en svart hest ble observert galloperende langs Tittelsnesvegen.

Hytte brann ned i natt

Ei hytte tok fyr i natt og sto ikkje til å redda. Dei som var i hytta kom seg ut, både mann og dyr.

Publisert Sist oppdatert

– Politiet vart varsla litt over klokka 01.00 i natt om at ei nabohytte stod i brann, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Politi, ambulanse og brannvesen rykka alle ut til staden. Heldigvis var forholda slik at det berre gjekk ut over hytta.

– Ein mann og hunden som var inni kom seg begge ut, og var i tilsynelatande god form, seier Løvereide.

Hytta ligg om lag 100 meter i frå kjørbar veg, og det var ikkje fare for at brannen skulle spreia seg.

– Og det var veldig vått i terrenget, legg Løvereide til.

Årsaka til brannen er ukjend. Hytta stod ikkje til å redda og brann ned. Om lag klokka 02.00 melde brannvesen at brannen var slukka.

– Det er mogeleg at det oppstod i samanheng med matlaging kor ein nytta gass. Det skal gjerast ei vurdering om åstadsundersøking på eit seinare tidspunkt, seier Løvereide.

Powered by Labrador CMS