nyhende

Hyggeleg samarbeid på tvers av parti

Laurdag var Knut Richard Hein Sønsteby den einaste som representerte Venstre i Sveio. Då han trong hjelp til å flytta ein benk til valbua stod han likevel ikkje åleine.

Publisert Sist oppdatert

For dei som var utandørs i Førde eller Sveio på laurdag formiddag, kunne ein sjå fleire valbuer.

I Sveio stod Knut Richard Hein Sønsteby for Venstre. Tredjekandidaten hadde plassert seg same stad som Senterpartiet og Arbeidarpartiet, på parkeringsplassen ved sida av torget.

V fekk hjelp av Ap

Då Sønsteby skulle finna fram ein benk til potensielle veljarar oppstod det eit problem. Ein benk er vanskeleg å løfta åleine.

Heldigvis var politikarkollega Håkon Skimmeland (Ap) klar til dyst, og hjalp Sønsteby med å flytta benken bort til valbua sin.

Vestavind var tilfeldigvis til stades og fekk med seg det politiske samarbeidet. Det er ukjend om «samarbeidsbenken» vil ha vidare ringverknader i valkampen.

Samla seg i sentrum

Dei tre partia var ikkje åleine laurdag føremiddag i Sveiobygda. Ved indre parkering hjå Coop Extra stod Sosialistisk Venstreparti for å møta veljarar og dela ut kaffi. Inne på senteret hadde Tverrpolitisk Fellesliste (TvF) valt å plassera seg.

Framfor Kiwi og Interflora fann ein både Fremskrittspartiet og Høgre, som baud på kaffi, drops og vaflar. FrP hadde og ei valbu utanfor Joker i Førde.

For å unngå favorisering tok utsendte frå Vestavind i mot kaffi frå eit parti på kvar side av det politiske spekteret (FrP og SV).

God stemning

Det var generelt god stemning også mellom partia. Rune Teikari (FrP) gjekk bort til TvF si valbu for å slå av ein prat.

– Me kjenner jo kvarandre så det er hyggeleg å kunne snakka saman også utanfor kommunestyret, sa Teikari og Ole Johan Sveen (TvF).

Powered by Labrador CMS