nyhende
Hus på Tjernagel totalskadd av brann
Eit eldre bustadhus brann på Tjernagel brann ned til grunnen natt til søndag. Det skal ikkje ha vore folk i huset då brannen starta.
– Brannårsaka er ukjent. Me vil gå i gang med både taktisk og teknisk etterforsking i dag. I utgangspunktet har me ikkje grunn til å tru at det har skjedd noko straffbart, men dette er også eit ope spørsmål, opplyser politiinspektør Jarle Utne Reitan til Vestavind måndag morgon.
Brannsjef Bjarne Hetleseæter i Sveio fortel at huset var under oppussing. Bygningen varovertent då brannen blei oppdaga og brann heilt ned til grunnen.
Brannen blei meldt kl. 04.50 natt til søndag, og naudetatane rykka straks ut til staden. Meldaren som slo alarm, oppdaga brannen gjennom kikkert frå båt, om lag ei nautisk mil unna.
Politiet fekk kontakt med eigaren i løpet av søndag.