nyhende
– Hovudarbeidet er ferdig
Det kraftige snøvêret i helga gav brøytemannskapa i Sveio ei travel helg. Måndag kan kommunen melde at alle kommunale vegar no er køyrbare.
– Det viktigaste var å få måka bort snøen slik at vegane blei breie nok til at bilane kjem seg gjennom, seier Semb, arbeidsleiar for drift og vedlikehald i Sveio kommune.
Kommunen sine eigne mannskap fekk hjelp av innleigde aktørar i arbeidet. Semb skildrar snøfallet som uvanleg kraftig.
– Eg har aldri, så lenge eg har vore her, opplevd at det har kome så mykje snø på så kort tid, seier han.
60 centimeter og fullt trøkk
Då han sjølv var ute på oppdrag i samband med brøytinga, møtte han ein innbyggjar som hadde målt snødjupna til opp mot 60 centimeter ved Frønsdalstunet.
Semb skryt av innsatsen til mannskapa, som han skildrar som «ein fantastisk jobb», etter at dei brukte store delar av helga på å rydda vegane. Han oppsummerer status slik:
– Hovudjobben er ferdig. Alle dei kommunale vegane er no køyrbare. Det kan vera enkelte stader, til dømes nokre snuplassar og liknande, som står att, men hovudjobben er gjort.
Også på dei fylkeskommunale vegene er brøytinga i hovudsak unnagjort. Byggeleiar i Vestland fylkeskommune Morten Stokken, som har ansvar for drift og vedlikehald på fylkesvegnettet, seier at dei stort sett er ferdige med måkinga langs vegane i Sveio.
– Det er nokre små stader, til dømes ved Rød og enkelte møteplassar, samt busskruar, men det viktigaste er ferdig. Samtidig saltar vi etter behov, seier han.
Klar for ny runde
Måndag er mannskapa på dei kommunale vegane i gang med å strø, og Semb anslår at dette arbeidet vil vera ferdig i løpet av dagen eller morgondagen.
Samtidig følgjer kommunen med på vêrmeldinga. Ifølgje Yr.no kan det koma meir snø tysdag kveld og onsdag morgon, med meldt nedbør på rundt 2 millimeter tysdag og 2,1 millimeter onsdag.
– Blir det opp mot sju–åtte centimeter som legg seg, kjem me til å måka. Men det må litt snø til før me tek ein ny runde, seier Semb.
Han kjem òg med ei oppmoding til innbyggjarar som ferdast ute no som det ligg store fonner langs vegane:
– Det ligg store snøfonner langs vegane, og under brøyting er det ikkje alltid lett å oppdaga om det er born som leikar inne i snøholer, understrekar Semb, som ber born og foreldre vera obs på dette.