nyhende
Strandryddedag om våren blir flytta til hausten:
Hold Norge Rent legg om ryddeåret
Når snøen smeltar, dukkar søppelet opp! Hold Norge Rent oppmodar folk til å halda av datoen 13. mars, og dermed ta del i den nye ryddedugnaden.
I samråd med ryddemiljøet flyttar Hold Norge Rent Strandryddedagen og Strandryddeuka til hausten for å unngå storstilte oppryddingsaksjonar i mai medan hekketida er på topp.
– HNR oppmodar likevel til rydding om våren før fuglane kjem tilbake og hekkinga startar, og me inviterer alle som er i snø- og isfrie område til å bli med på den nye nasjonale Vårryddedagen som blir arrangert laurdag 13. mars. Heldigvis ervi i Noreg glad i vårdugnader, og fleire tusen frivillige engasjerer seg kvar vår.
Vårryddedagen
Vårryddedagen er ein ryddekampanje som skal bidra til å fjerna søppel frå norsk natur før ferdselsforbodet trer i kraft 15. april.
Sidan Strandryddeuka blir flytta permanent til september og etterlèt seg eit tomrom, skal Vårryddedagen bidra til å fylla dette tomrommet og oppfylla ønske frå frivillige aktørar om å gjennomføra ein ryddekampanje om våren, skriv Hold Norge Rent i ei pressemelding.
– Målet med Vårryddedagen er å ha ein felles ryddedag når søppelet kjem til syne etter snøsmelting og før hekketiden er i gang for fullt, seier Heidi Gromstad, prosjektleiar for ryddekampanjer i Hold Norge Rent. Les meir om nasjonale ryddedugnadar på HNR sin nettstad.
Registrer det du finn i Rydde
Alle blir oppmoda til å registrera planlagde ryddeaksjoner og funn i Rydde. Ved å registrera aksjonane på ryddenorge.no kan vi sjå kor mange som deltar, kor mykje vi ryddar saman, og der behovet for å rydda framleis er stort. Opprett ein brukar og registrerer ryddeaksjonen(e) dine via Rydde, så blir du med i teljinga og folkeforskinga