nyhende

Høgre og Erna i vinden på Ryvarden

Høgre-leiar Erna Solberg deltok tysdag kveld på lokallaga Sveio og Haugesund sin seinsommarfest på Ryvarden.

Publisert Sist oppdatert

Besøket var ein del av Høgre sin «Eitt år igjen til valet»-turné. Høgre-bussen starta i Stavanger tysdag, og rullar vidare på Vestlandet dei neste dagane.

Ryvarden viste seg frå ei heller grå side med både mykje regn og vind, men det la ifølge rapportane ingen dempar på stemninga.

– Alle fekk øydelagt sveisen

– Det var godt oppmøte frå heile regionen, og ein veldig kjekk kveld. Alle måtte ut å gå, og alle fekk øydelagt sveisen, ler ordførar André Mundal Haukås, som heldt ein av talane under den uformelle samlinga.

Dei andre talarane var Sveio Høgre sin unge leiar, Lars Petter Lie, og sjølvsagt partileiar Solberg.

Musikalsk innslag

– John Anders gjorde også ein strålande musikalsk jobb og fekk opp steminga enno meir, fortel ordføraren.

John Anders Semb er kjent som musikar for mange, men han er også oppsynsmann for veg i Sveio kommune, brannmann og kommunestyrerepresentant for Tverrpolitisk Fellesliste.

Powered by Labrador CMS